Hopp til innhold

Forsvaret og politiet ransakar adresse – mann i 20-åra arrestert

Forsvaret og politiet driv no ransaking på ei adresse på Nærbø i Rogaland. Ein mann i 20-åra er arrestert og sikta for ulovleg oppbevaring av våpen – noko han tidlegare er dømt for.

Forsvaret og politiet ransakar adresse på Nærbø

Forsvaret bistår politiet i ransakinga av huset.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Forsvaret bistår politiet i ransakinga av huset.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Forsvaret støtter politiet i funn av kva det enn måtte vere som er i huset, seier Elisabeth Eikeland, major og pressevakt hjå Forsvarets operative hovudkvarter.

Funn utanfor huset på Nærbø

Politiet har enno ikkje bekrefta kva det er dei faktisk har funne etter ransakinga av adressa.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Ein mann i 20-åra er no sikta for ulovleg omgang med våpen.

Mannen vart pågripen tysdag, og sit no i varetekt.

Eit eventuelt brott på denne lova har ei fengslingsramme på inntil to år.

Vi er tidleg i etterforskingsfasen, seier politiadvokat Mads Lerum i ei pressemelding.

Mannen stiller seg fullstendig uforståande til siktinga, seier mannens forsvarar til NRK.

Vil ha han lauslaten

– Politiet er i ferd med å ferdigstilla avhøyr no, seier forsvarar Odd Rune Torstrup til NRK.

Odd Rune Torstrup

Odd Rune Torstrup er mannen i 20-åra sin forsvarar. Biletet er teken ved eit tidlegare høve.

Foto: Petter Strøm / NRK

– Eg har begjært han lauslaten. Eg har bede politiet gjennomføra enkelte etterforskingsskritt som kan avklara dei faktiske forhold. Og det er dei no i ferd med å gjera, seier forsvararen.

Tidlegare dømt etter same paragraf

Mannen i 20-åra er no sikta for brott på straffelovens paragraf 190.

I vår vart mannen dømt mellom anna etter nett den same paragrafen.

Han vart dømt til eitt år og to månadar fengsel, men fekk eit frådrag på 140 dagar.

Mannen hadde mellom anna ulovleg teke med seg våpendelar frå Tyskland til Noreg.

Desse delane var mellom anna til maskingevær og maskinpistolar.

I dommen står det at mannen i 20-åra i mange år var interessert i gamle våpen, og retten fann ikkje grunn til å tru at mannen tok med seg delane ulovleg til landet med andre føremål enn som samleobjekt.

Forsvaret og politiet ransakar ei adresse på Nærbø

Både Forsvaret og politiet er til stades på adressa som no vert ransaka.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Har stole fleire våpen

Mannen skal også ifølgje dommen frå tidlegare i år ha stole ein luftvernkanon som tilhøyrde forsvarsmuseet i Oslo.

Han hadde ei rifle fastmontert i bilen sin. Denne meinte han sjølv var plombert.

Mannen hadde også patroner av ulikt kaliber både heime og på arbeidsplassen.

Både våpendelar, rifle og ammunisjon vart beslaglagt.

Forsvaret og politiet ransakar ei adresse på Nærbø

Forsvaret bisto politiet i ransakinga av bustaden på Nærbø.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Politiet har arbeidd lenge

Ifølgje vitne på staden skal politiet ha vore på adressa i lengre tid.

– Eg såg dei der første gong klokka 16.19 i går, men ifølgje andre eg har snakka med skal dei ha vore der tidlegare også, seier eit vitne til NRK.

Klokka 22.30 i går kveld skal dei ha vore på adressa med ein annan patrulje. Dette har vitne teke bilete av.

Politi på ei adresse på Nærbø

Vitne fortel NRK at politiet har vore på staden i dagevis.

Foto: NRK-tipsar

Nærbø ligg i Hå kommune sør for Sandnes i Rogaland.