Årsaka er at flygeleiarane på Røyken kontrollsentral ikkje kan ta seg av så mykje trafikk som vanleg etter beskjeden frå Avinor i går om at sentralen skal flyttast til Sola.
Større forseinkingar utover dagen
Vaktsjef Marit Jakobsen for SAS Braathens på Sola seier at det første flyet kom seg avgårde til Oslo ein time forseinka, men at det truleg vert større forseinkingar utover dagen.
- Ring 05400 for å få endra billetten din. Det er bedre enn å komme ut på flyplassen, for der er det store køar, seier Marit Jakobsen.