Hopp til innhold

Desse foreldrelause andungane bur i hagen til Hege

Men livet som andemamma er ikkje berre enkelt. No håper ho at nokon vil overta foreldreansvaret.

I starten av mai fekk Hege Johnsson Milicevic frå Ålgård telefon om at to små andungar gjekk rundt aleine, i nabolaget der ho bur. Då hadde dei gått ein heil dag utan andemor, og enda opp i hjørnet av ein carport hos ein nabo.

Den eine andungen blødde frå munnen og foten.

– Eg putta dei i eit hundebur og sat dei ut i hagen. Håpet var at andemor kanskje ville høyre dei og komme til unnsetning, fortel ho.

Diverre var det berre ein manisk nabokatt som dukka opp. Då bestemte ho seg for å adoptere dei små, dunete nurka.

– Dei var jo to små, friske babyar som eg syntest fortente ein sjanse. Derfor lét eg dei flytte inn i badekaret vårt.

Hege Johnsson Milicevic saman med andungane Balkan og Broremann.

ANDEMAMMA: Hege Johnsson Milicevic saman med andungane Balkan og Broremann.

Foto: Tobias Hovland / NRK

Mykje arbeid

Den nybakte andemora var spent på om ungane kom til å overleve første natta i ny heim. Særleg den med skada fot og munn.

– Eg stod opp midt på natta for å prøve å få i dei litt vatn, i håp om at det skulle gå bra. Då eg stod opp morgonen etter var dei framleis i live, heldigvis.

I badekaret rigga ho til med forskjellige vasskåler og ein liten dam dei kunne symje i. Til mat fekk dei litt bløyta brød og kokt ris. Dietten i dag består av alt frå makk og skrukketroll, til kokt ris, aure og pasta.

Andungane Balkan og Broremann nyt eit måltid

GOD MATLYST: Andungane Balkan og Broremann nyt eit måltid.

Foto: Hege Johnsson Milicevic / Privat

– I byrjinga måtte eg mate dei åtte–ni gongar i døgnet. No er det «berre» fem gongar i døgnet, men det er framleis mykje arbeid, erkjenner ho.

Men sjølv om det kan vere slitsamt å ta vare på to babyfuglar, hadde ho gjerne gjort det igjen. Hege beskriv heile opplevinga som ei gåve, både for ho og fuglane, som har fått namna Balkan og Broremann.

Og sidan det etter kvart blei ein smule trongt og grisete i badekaret, har dei no fått flytte ut i hagen og drivhuset. Adoptivmammaen har også gått til innkjøp av eit lite plaskebasseng.

I hagen kan dei ikkje vere for alltid, men Hege har førebels ikkje lagt ein plan for kva som skal skje den dagen fugleungane skal fly ut av redet.

– Enten må dei tilbake til naturen, eller så kan kanskje nokon overta dei, foreslår ho.

Blir kontakta dagleg

– Det ho må gjere, er å setje dei ut i naturen der dei høyrer heime. Det er rådet generalsekretær i Birdlife Noreg, Kjetil Aadne Solbakken, umiddelbart kjem med.

Ifølgje han treng det ikkje vere vanskeleg å få ein anna andemamma til å adoptere dei to fugleungane.

– Mitt beste råd er å finne eit vatn eller liknande der andre ender med små ungar oppheld seg. Andre andemammaer har lett for å adoptere andre andungar, så det er ikkje usannsynleg at dei vil få ein ny mamma.

Kjetil Aadne Solbakken

IKKJE TA MED FUGLAR HEIM: Generalsekretær i Birdlife Noreg, Kjetil Aadne Solbakken, råder alltid folk til å la fugleungar vere i fred.

Foto: Norsk Ornitologisk Forening

Den frivillige naturvernorganisasjonen jobbar blant anna for fuglevern og bevaring av fugleartar. Generalsekretæren fortel at dei dagleg får telefon frå folk som har funne ein tilsynelatande forlaten fugleunge, og er usikre på kva dei skal gjere.

– Eg råder alltid folk til å ikkje ta med fugleungane heim, sjølv om det kan vere hjarteskjerande. Ofte ender folk opp med å gjere det likevel, fordi det blir for vanskeleg å lausrive seg.

Tilbake til naturen

Andemor Hege Johnsson Milicevic ynskjer at endene på sikt skal tilbake til sitt naturlege miljø, men har eit håp om at nokon vil passe på dei ei stund til.

– Viss nokon for eksempel har eigedom som grensar til vatn, eller til ein dam, er det kjekt viss endene kan få vere der fram til dei er i stand til å fly og klare seg sjølv.

Ho har ikkje hastverk med å finne ny fosterfamilie til Balkan og Broremann, men trur dei vil få det betre om dei får bu meir landleg.

To andungar

SMÅ OG HJELPELAUSE: Andungane Balkan og Broremann like etter matmor Hege redda dei.

Foto: Hege Johnsson Milicevic / Privat

Ifølgje Kjetil Aadne Solbakken i Birdlife skal andungane vere greitt rusta for eit liv i det fri.

– Fuglearten stokkand er ein planteetar, og treng i utgangspunktet ikkje å bli mata.

Men dei treng hjelp til å beskytte seg sjølv, og vil ifølgje fugleeksperten ha størst sjanse for å overleve saman med andre ender.

– Dei kan for eksempel bli drepne av katt, hund, eller spist av andre fuglar. Men er dei saman med andre ender, er dei meir beskytta, utdjupar Kjetil Aadne Solbakken.

Matmor Hege skulle gjerne ha adoptert vekk ungane til ei ekte andemor, men har førebels ikkje funne nokon i nærområdet.

– Derfor tenker eg det er betre om nokon vil ta vare på dei fram til dei klarar seg sjølv. Hadde eg sendt dei ut på eigehand no, hadde dei aldri overlevd, fortel ho.

Balkan og Broremann slappar av i hagen til matmor Hege.

AVSLAPPING I SOLA: Balkan og Broremann slappar av i hagen til matmor Hege.

Foto: Tobias Hovland / NRK