Hopp til innhold

Nå blir denne skeia lengre

Mange er irriterte over dei korte treskeiene til yoghurtane. Tine lovar at det kjem eit betre alternativ – allereie denne månaden.

Fride Einskar er ikkje så fornøgd med dei nye treskeiene på rislunsjen.

– Den er knøttliten. Dei andre var betre. Og så smaker den tre, seier Fride Einskar.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Dei er alt for korte. Du må ned med fingrane i sjølve yoghurten for å få opp alt. Det går ikkje, seier Bror Karstein Hellesvik.

Forbodet mot eingongsplast har gjort at plastskeier har blitt erstatta av treskeier, på blant anna yoghurtar.

Det har irritert mange nordmenn og skapt diskusjon i sosiale medium.

Treskje til God Morgen-yoghurt

Mange synest ikkje denne korte skeia til God morgen-yoghurten er god å eta med.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Nå kjem ei gladnyheit til alle som har irritert seg over treskeiene som følger med Tine sine produkt.

Skeia bli lenger

Tine kjem nemleg med ei ny løysning i oktober. Dette vil vera i butikken tidleg i november.

Treskeia skal då bli bytta ut med ei skei i bambus. Den skal vera like lang som plastskeia var før.

Då skal også plasten rundt bli erstatta med papir.

– Me håpar at folk kan bli fornøgde igjen, seier leiar for berekraft i Tine, Bjørn Malm.

Q-meieriene har allereide ei løysning for å få lenger skeier til Skyr.

På Q-meieriene sin Skyr følger det med ei litt lenger skei. Tine vil også komma med ei lengre skei, som vil vera i butikkane i november.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

– Er dette ei fullgod løysning?

– Mange vil nok tenke at det var betre med plast, fordi den var betre å ete av. Men når ein får brukt den litt trur eg at ein blir fornøgd.

Q-meieriene har allereie på plass ei lenger skei i bambus til sine produkt.

Tar med eiga skei

Bror Karstein Hellesvik er ikkje fornøgd med å eta av ei treskei.

Studenten pleier å ta med ei eiga frå heime eller finna ei større plastskei.

Bror Karstein Hellesvik

Bror Karstein Hellesvik håpar Tine finn eit godt alternativ til plastskeia.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

– Viss dei har ei god erstatning som faktisk fungerer, så støtter eg det. Men det har dei ikkje kome med til nå.

Heller ikkje Fride Einskar synest treskeia er noko god.

– Den er knøttliten. Dei andre var betre. Og så smaker den tre, seier ho.

Rislunsj med treskje, som erstatning for plastskje

Fride Einskar et ein rislunsj med treskei.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Derfor har det tatt lang tid

Malm i Tine forstår at folk reagerer.

Han seier dette har vore ei mellombels løysning etter at fleire eingongsartiklar blei forbode i heile Europa frå 3. juli i år.

– Det er ikkje lett å finna løysningar som passar inn i vårt produksjonsutstyr, seier han.

Leder for bærekraft i Tine, Bjørn Malm er fornøyd med det nye sugerøret.

Sugerøyret kan heller ikkje lagast i plast lenger. Leder for berekraft i Time, Bjørn Malm, er fornøgd med alternativet dei har laga.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Han får støtte av Emballasjeforeningen, som er interesseorganisasjonen for dei som lagar emballasje.

Dei opplever at det har vore vanskeleg for bransjen å gå frå plast til andre løysningar, fordi det er ei komplisert omvelting.

– Plast er eit fantastisk materiale. Det at me må sjå på andre typar materialar gjev ein del utfordringar, seier direktør i Emballasjeforeningen Kari Bunes.

Ho seier det blir jobba på spreng for å finne gode alternativ for framtida.

Flere nyheter fra Rogaland