NRK Meny
Normal

Her får hunden CT-skanning

Nordmenn bruker stadig meir pengar på dyra sine. CT-skanning til hunden, full narkose til hamsteren og kiropraktor til slangen er noko av det me bruker pengar på.

Ein hund på CT-skanning ville vore utenkeleg for nokre år sidan seier Siri Sedberg ved Stavanger smådyrklinikk. Nå vil folk gjera det meste for dyra sine.

VIDEO: Ein hund på CT-skanning ville vore utenkeleg for nokre år sidan seier Siri Sedberg ved Stavanger smådyrklinikk. Nå vil folk gjera det meste for dyra sine.

Tina Echoldt er kiropraktor i Rogaland. Tre dagar i veka jobbar ho på menneske, og to dagar i veka er ho dyrekiropraktor. I dag er det hesten Harry, som skal få behandling ute på ein gard på Jæren.

– Det første eg gjer er å leia hesten litt rundt, og sjå den i trav. Eg ser etter om dei haltar og om dei er ujamne og korleis haldninga er. Deretter kjenner eg på hesten og kan starta behandlinga. Behandlinga kan også vera førebyggande, fortel ho.

Dyrt med dyr

Echoldt vedgår at det ikkje er noko billig å gå til henne med dyra sine, og stort sett er det konkurransehestar i hard trening ho behandlar. Men nordmenn er også villige til å bruka pengar på dyra sine. Meir enn tidlegare.

Nordmenn bruker om lag 3,2 milliardar kroner på mat og enkelt utstyr til kjæledyra sine, ifølgje ein bransjerapport utvikla av Euromonitor International. Dette er ifølgje undersøkinga ein auke på ein halv milliard dei siste fem åra.

Og som om det ikkje er nok er talet langt høgare om ein tar med alt som blir brukt på å operera skadar på dyr og retta på utsjånaden til dyra. Slike ting som Tina driv med. Ho meiner det er bra at nordmenn opnar lommeboka si når det kjem til dyr.

– Når ein skaffar seg eit dyr må også vera førebudd på å ta dei økonomiske konsekvensane det medfører, viss ikkje kan ein ikkje ha dyret. Det er eg veldig tilhengar av, seier ho.

VIDEO: Her behandlar Tina hesten Harry

Tina Echoldt er kiropraktor i Rogaland. Tre dagar i veka jobbar ho på menneske, og to dagar i veka er ho dyrekiropraktor. I dag er det hesten Harry, som skal få behandling ute på ein gard på Jæren.

Her behandlar Tina Echoldt hesten Harry.

Slange til kiropraktor

Ho seier at det er mange likskapar mellom skjeletta på menneske og hestar, men ho kan likevel behandla alle typar dyr. Ho har kollegaer som ikkje berre nøyer seg med hestar, hundar og kattar.

– Ei eg kjenner i Østfold behandlar slangar og chinchillaer også, fortel ho.

– Korleis kan ein kiropraktor vera trygg på at behandlinga verkar?

– Du skal ikkje undervurdera kva ein eigar får med seg av signal frå dyra. Dei kan sjå at dyra ikkje spring som vanleg, men av og til seier også dyra ifrå om dei har det bra eller dårleg, seier ho.

– Er dette ein luksus eller er det naudsynt?

– Eg meiner det er naudsynt. Det aukar livskvaliteten til dyret og når det kjem til hest vil det også gi ei betre rideoppleving.

– Viktige medlem av familien

Tannregulering

Slik ser ei hundetannregulering ut.

Foto: Privat

Kaja Stokstad jobbar på Hinna dyreklinikk, her driv dei med tannpleie, kirurgi og har også vanlege veterinærar. Ho fortel om ei stor utvikling.

– Då me byrja her ville folk helst ikkje gjera nokon ting med dyra sine, nå diagnostiserast det og behandlast i langt større grad enn tidlegare, fortel ho.

Nå har ho fjerna urinstein frå ein iguan, ho sett tannregulering på hundar og har utført rotfylling på hundar.

Så lenge det ikkje er snakk om kosmetiske inngrep meiner ho det er greitt at folk bruker pengar på dette.

– Kjæledyr er viktige medlem av familiane, og sjølvsagt vil me at medlem av familien skal ha det godt. Eg vil at mine kjæledyr skal ha det best mogleg, derfor gjer me også det me kan. Men det er viktig at alt skjer innafor dyrevernmessige omsyn, me skal ikkje påføra dyr smertefulle behandlingar, som ikkje har ei hensikt. Det er heller ikkje her veterinærane ønsker å gå, me er interesserte i god medisinering og behandling for å få dyr friske, seier ho.

Likevel meiner ho det er viktig at me ikkje held liv i dyra for våre eigen del, men at livskvaliteten til dyra er det avgjerande.

VIDEO: Hund med tannplager

Hundar som får tannregulering er ikkje uvanleg på Hinna dyreklinikk.

Hundar som får tannregulering er ikkje uvanleg på Hinna dyreklinikk. Her syner Kaja Stokstad fram ein hund med tannproblem.

Sjekkar hund i CT-skannar

Noko som slår utviklinga Kaja snakkar om fast er den store CT-skannaren dyrlege, Siri Sedberg ved Stavanger smådyrklinikk, er i gang med å førebu. Den svære maskinen har dei nett skaffa seg og i dag er det ein hund som skal sjekkast for prolaps i ryggen.

Hund i narkose

Hunden må sove ut narkosen etter CT-skanninga.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Siri stadfestar at folk ikkje er redde for å opna lommeboka når det handlar om pelsdottane deira ve og vel.

– Folk blir heller fornærma når me legg fram for dei kva behandlingar som kan gjerast, og spør om dei ønsker behandlinga, seier ho.

Hunden som føres inn i skannaren er i full narkose. Om den har prolaps vil dei først få svar på seinare.

Siri fortel om andre operasjonar ho har gjort. Ein gong opererte ho ei rotte. Den hadde svulst i magen, så stor at den nesten ikkje fekk føtene sine i bakken. Eigaren ville likevel gjera det som måtte til for å halda liv i kompisen sin.

Tigerpuddel

Slik styla Barbro ein gong sin avdøde puddel.

Foto: Privat

– Eg opererte vekk halve rotta, fortel ho.

Rotta overlevde.

– Ikkje USA-tendensar

På Yantell Hundefrisør på Bryne er Barbro Johansson og Janne Evertsen i full gang med å styla pudlane sine. Barbro jobbar med hundestyling på heiltid, medan Janne har denne geskjeften på halvtid.

– Me barberar ulike frisyrar på hundane. Me barberar i fjeset, på halsen, labbane, halerota og på tissen. Dette er praktisk når dei er ut i gjørma, då tar dei med seg mindre gjørme heim. Me kan også klippa og styla hundane som me vil, seier Jane.

Barbro fortel at ho ein gong sprayfarga sin tidlegare puddel og klippa den for å få den til å likna på ein tiger. Ho fortel at det framleis ikkje er USA tilstandar i Norge med extensions, men at dei fleste kundane berre vil ha vanleg stell av dyra.

– Vanlegvis badar me dei, klipper klørne av dei og klipper dei reint praktisk, seier Janne.

Ho legg til at 90 prosent av jobben hennar handlar om hundens velvære og at folk ikkje sjølv tar seg tid til børsting, vasking og tørking.

På Yantell Hundefrisør på Bryne er Barbro Johansson og Janne Evertsen i full gang med å styla pudlane sine. Barbro jobbar med hundestyling på heiltid, medan Janne har denne geskjeften på halvtid.

Her fortel Janne Evertsen om korleis det er å vera hundefrisør på deltid.

Dyrt fôr

Svein Fossa, som er generalsekretær i Norges Zoohandleres Bransjeforening, fortel at me også bruker meir pengar på dyrefôr, som er eit av aspekta som er inkludert i bransjerapporten.

– Det er ei massiv trend at me betaler meir for dyrefôr. Me vil ha fôr som er tilpassa dyret, me har god råd og skjemmer bort kjæledyra med kvalitetsfôr, seier Fossa.

Dette er hundeeigar Olaug Plougman eit godt døme på. Ho får jamleg tilsendt hundesnacks frå Kristiansand.

– Dette er det snackset som hunden liker best, og du får ikkje tak i det her. Kun det beste er godt nok, seier ho.