Tida me er inne i, er den travlaste i året for sauebønder. I løpet av våren vil det bli født om lag 1,5 millionar lam i Norge. Rundt 300.000 av dei kjem i sauefylket Rogaland, medan om lag 200 av dei kjem i sauefjøset til bonden Kjell Ove Viste på Randaberg.
NRK Rogaland sender minutt for minutt frå sauehuset til Viste, for at så mange som mogleg skal få ta del i vårens vakraste eventyr. Så langt har det kome om lag 40 lam til verda på direktesendinga, og NRK har fått fleire tilbakemeldingar frå folk som finn det behageleg å sjå på lemme-TV.
«Calming effect»
– Flott at interessa er stor
Fleire tusen har vore inne og sett på, og mykje truleg kjem nokre av dei frå Tyskland, for i påsken var det fleire av dei største avisene i landet, som skreiv om prosjektet.
– Slow-TV frå Norge: Sau under lamming, er overskriftene i fleire av avisene.
I tillegg har Lemme-TV fått omtale i det tyske radioprogrammet «Funkhaus Europa» på kanalen ARD.
Bonde Kjell Ove Viste har ein medhjelpar frå Tyskland som gjorde han merksam på den tyske interessa.
– Eg fekk tilsendt eit bilete av ei tysk avis på MMS der namnet mitt stod. Det er veldig flott at interessa er så stor, seier Viste.
Fire lam på ti minutt
Og sjølv om sendinga nå har gått sidan før påsken byrja, har ikkje NRK Rogaland tenkt å gi seg før langt fleire lam er ute. Det er truleg meir enn 150 lam att.
... og dersom du synest det går lenge mellom lammingane, kan du kosa deg med klippet nedanfor frå tysdag 29. mars då det kom fire lam på ti minutt.
– Litt ekkelt med alt blodet
Ei av dei som er med på å ta imot lamma, er Malin Viste (10), som går i fjerde klasse. Ho seier at påsken og våren er ei heilt spesiell tid for dei som bur på gard med sauer.
– Det er fantastisk når lamminga står på. Litt ekkelt er det jo med alt blodet, men det er likevel kjekt å sjå nye ting som kjem til verda, seier ho.
Det er likevel pappa Kjell Ove Viste som er mest involvert i lamminga. Når lamminga står på, er det døgndrift fortel han.
– Du jobbar dag og natt. Så når det er over, har du aller mest lyst å legga seg, seier han.
Sjå bilete frå lamminga så langt
Vårens vakraste eventyr
– Kva får folk som ser på direktesendinga med seg?
– Folk får først og fremst sjå fleire lam som kjem til verda, men dei får kanskje også sjå ting som ikkje er like kjekt. Ein liten promille av lamma døyr under fødselen, men det er slik det er.
– Er dette likevel vårens vakraste eventyr?
– Ja, eg synst det. Det er heilt fantastisk, slår Kjell Ove Viste fast.