Sidan klokka sju torsdag morgon har Stavanger lufthamn Sola vore stengt på grunn av kraftig snøvêr, og rydding av rullebanane.
Ikkje før klokka 10.00 opna flyplassen att.
– Då opnar me for flytrafikk att. Brøyteutstyret har gått i eitt sidan i går kveld, og me har hatt litt småproblem med utstyret på grunn av dette, seier Stig Jone Nevland, leiar for lufthamnoperative tenestar.
- Les òg:
- Alt om trafikkaoset snøen skaper i Rogaland
- Oppdatert ruteinformasjon: Avinor.no
– Har ikkje sett verre på 25 år
Den erfarne mannen har aldri opplevd liknande forhold i tida han har jobba for Avinor.
– Eg har nå jobba i 25 år her på Sola, og eg må innrømma at eg aldri har sett eit verre vêr enn det me har hatt det siste døgnet.
- Les òg:
- Sjekk vêret på Yr.no
Og med tre timar stengt får det konsekvensar for dei reisande.
– Når flyplassen har vore stengt så lenge vil det nok gå fram til ettermiddag og kvelden før situasjonen normaliserer seg. Dersom me er heldige, og at snøen gjer seg, seier Nevland.
Han seier at alle gjer sitt for å ta inn det tapte, slik at dei kjem i rute.
– Kan nok gløyma juleferie i Brasil
Familien Ueland er ein av mange som blir ramma av problema på Stavanger lufthamn Sola.
Dei skulle til Brasil for å feira jul saman med kona til Tom Jarle og dottera deira .
– Dette er berre typisk. Me har aldri snø på Jæren, så skal det plutseleg koma ein meter over natta, seier Tom Jarle Ueland.
Dei skulle tatt eit tidleg fly til Amsterdam, men dette ser ikkje ut til å gå før klokka 12.00 då NRK.no snakka med han klokka 10.00.
- Les òg:
- Les òg:
– Me kan nok gløyma juleferien i Brasil, seier han oppgitt.
Men det er ikkje berre på flyplassen familien har hatt problem i dag. Det starta allereie i gardsrommet på Brusand.
– Me kom jo ikkje ut av gardsrommet, me var fullstendig innesnødde. Derfor måtte me bestilla drosje, og ta denne heilt inn til Sola, seier han.
Framleis er det håp i hengande snøre for at familien kan koma seg til Amsterdam, og nå eit fly vidare til Brasil, der dei har planar om å feira jul.