74.000 passasjerar kvar veke

Talet på reisande med Jærbanen har stige elleve prosent samanlikna med 2010. Men veksten må halda fram dersom dobbeltsporet skal svara seg ifølgje Dag Brekkan i NSB.

Jærbanen

Stadig fleire folk nyttar seg av toga på Jærbanen. Ei ny måling viser at togstrekket nå har om lag 74.000 passasjerar kvar veke, det er ein auke på elleve prosent.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me er sjølvsagt svært nøgde, seier marknadsansvarleg på Sørlands- og Jærbanen, Dag Brekkan.

Dei nye tala frå Jærbanen viser ein markant oppgang i talet på vekentlege passasjerar. NSB hadde heile elleve prosent fleire passasjerar på Jærbanen i september 2011, samanlikna med hausten året før.

Størst auke mellom Sandnes og Stavanger

Dermed er vekentlege passasjerar oppe i 74.000.

– Den største auken ser me mellom Sandnes og Stavanger, noko som er naturleg på grunn av nye togstopp og dobbeltsporet med hyppige avgangar, seier Brekkan.

Her er auken på 14 prosent medan veksten mellom Gandal og Egersund er på om lag sju prosent.

Men at fleire nyttar seg av Jærbanen er ei føresetnad for at investeringa i dobbeltsporet skal svara seg:

Treng meir vekst

– Me må også ha ein tilsvarande vekst i åra framover dersom investeringane på 2,2 milliardar skal svara seg, seier Brekkan.

Sidan dobbeltsporet stod klart i 2009 har den totale veksten i reisande vore på 30 prosent.

For å sikra denne veksten meiner han at den nylege endringa av rutetabellen har vore ein suksess. Tabellen har fått kritikk sidan toga ikkje lenger går på same minutt over kvar time, og at toga nå bruker lenger tid.

Likevel har tabellen ført til meir punktlege tog. Noko Brekkan trur er viktigare enn lengda på togturen:

– Me har litt lenger køyretid, men me har også fått ein punktlegheit på opp mot hundre prosent. Det betyr mykje for pendlarar at rutetabellen vår blir meir føreseieleg. Dette vil også vera viktig for å sikra framtidig vekst, seier Brekkan.