Hopp til innhold

Reagerer på narkotikaaksjon på skular: – Kan føre til stigmatisering og utanforskap

HAUGESUND/KARMØY (NRK): Måndag gjennomførte politiet ein narkotikaaksjon mot 18 ungdommar i Haugesund og på Karmøy. Ungdommane vart oppsøkte på skulen, heime og på jobb. Det får fleire til å reagere.

Elever ved Skeisvang VGS

KRITISKE TIL METODANE: Hannah Storaas Alsaker og Lise Haga ved Skeisvang vidaregåande skule meiner det er rett av politiet å slå ned på narkotikabruk blant unge, men dei seier politiet burde vore meir diskré. – Elevane kan få eit ufortent dårleg rykte, seier Haga.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det er heilt utruleg at desse ungdommane blir oppsøkte på skulen og arbeidsplassen, seier jussprofessor Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen.

Han reagerer kraftig på politiet sitt arbeid med å førebyggje narkotikamisbruk på Haugalandet.

Totalt fekk 18 ungdommar frå 15 år og oppover eit uventa besøk av politiet på måndag. Politiet oppsøkte dei på skulen, heime og på jobb, og dei vart tatt med til avhøyr, urinprøve og ransaking.

– Det å bruke omfattande tvangsmidlar på mindreårige for eit lovbrot som er relativt mildt, er ikkje bra. Ein skal ikkje drive førebygging gjennom straff, seier Marthinussen.

– Stigmatiserande framgangsmåte

Dei fleste av ungdommane politiet kontakta, var ukjende for dei. Politiet fortel at det var ei av hovudårsakene til at dei sette i gang ein aksjon.

– Me vil sette fokus på rus og ungdom, og me ser veldig alvorleg på at ungdom eksperimenterer med narkotika, seier avsnittsleiar ved Haugesund politistasjon, Laila Kristin Eike.

Politiet legg vekt på at aksjonen vart gjort på ein skånsam måte, og meiner den er ein viktig del av politiet sitt arbeid med å førebyggje.

– Me hadde ei sivil tilnærming på skulane. Me hadde verken uniform eller hund med oss, seier Eike.

Hans Fredrik Marthinussen

Jussprofessor Hans Fredrik Marthinussen ved UiB.

Foto: Kamilla Marie Johnsen / NRK

Men jussprofessoren meiner denne tilnærminga ikkje er skånsam nok.

– Uansett om politiet er sivile eller ikkje, vil det bli lagt merke til om dei kjem på skulen og hentar elevar. Dette kan føre til stigmatisering og utanforskap, som igjen kan gjere eventuelle narkotikaproblem endå verre, seier Marthinussen.

Ville ha gjort det på ein annan måte

Også i Elevorganisasjonen reagerer dei på metodane til politiet. Nestleiar Birk Blekken seier det er ein uting av politiet å oppsøke elevar på skulen.

– Det bidreg berre til stigmatisering, og det løyser ingen problem. På oss verkar det rart at politiet har gått så hardt til verks, seier han.

Blekken er klar på at politiet må reagere når unge gjer seg skuldige i lovbrot, men meiner politiet kunne ha oppsøkt ungdommane heime eller på fritida.

– På skulen er alle dei kjenner, og praten vil garantert gå om kven som blei tatt med av politiet, seier han.

Laila Kristin Eike

Politioverbetjent Laila Kristin Eike ved Haugesund politistasjon.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Eike i politiet trur kritikken er basert på misforståingar.

– Vi har ikkje leita etter narkotika hos tilfeldige ungdommar. Dette har vore ein målretta aksjon med konkrete mistankar knytt til enkeltpersonar. Aksjonen var også kvalitetssikra gjennom tingretten, seier ho.

– Skulane kan ikkje bli ein fristad for narkotika

Eike meiner det er viktig at politiet er til stades på skulane.

– Politiet veit at det blir knytt kontaktar om kjøp og sal av narkotika der, og skulane kan ikkje bli ein fristad for dette, seier ho.

Eike meiner det var rett å ha aksjonen på dagtid, for då har politiet mest ressursar tilgjengeleg, og det er enklare å finne ungdommane på ein stad.

– Politiet jobbar førebyggjande i alle ledd, men i dette tilfellet blei det vurdert at ein aksjon ville gi best resultat for ungdommane.

Meiner politiet burde ha vore meir diskré

Det var elevar ved skulane Kopervik, Haugaland og Skeisvang som vart oppsøkt av politiet.

Hannah Storaas Alsaker og Lise Haga ved Skeisvang skule fortel at dei vart overraska over at medelevar har hamna i politiets søkjelys. Men dei kjenner til at unge testar grenser med narkotika.

– Ikkje alle veit kva dei gjer når dei prøvar det. Det er ikkje ein gong alle som veit at det er ulovleg, for narkotika er så lett tilgjengeleg, seier Alsaker.

Haga seier det er bra at politiet vil førebyggje narkotikabruk blant unge, men at dei burde ha vore meir diskré under aksjonen.

– Det kan bli ein veldig stressa situasjon for dei ungdommane det gjeld. Dei kan få eit dårleg rykte, sjølv om dei kanskje ikkje fortener det, seier ho.

Fleire erkjenner eit problem

I avhøyr har fleire av ungdommane erkjent at dei har eit narkotikaproblem, og at dei ønsker hjelp. Det vart gjort små beslag av narkotika i aksjonen.

Birk Arildssønn Blekken

Nestleiar Birk Blekken i Elevorganisasjonen.

Foto: Åsa Torp/NRK

Elevorganisasjonen meiner dette tyder på at skulane treng fleire ressursar til å handtere utanforskap blant elevar.

– Elevane må fangast opp betre, slik at dei ikkje hamnar på skråplanet. Vi treng å ta vare på elevane på ein skikkeleg måte, seier Blekken.

Ifølgje politiet skal ungdommane få oppfølging og hjelp med problema sine.