Hopp til innhold

Finsk fabrikkbrann gir norsk storpermittering

200 personar som jobbar i det store steinbrotet i Sokndal blir no permitert. Årsaka er ein fabrikkbrann i Finland.

Brann i pigmentfabrikken til Venator ved Björneborg i Finland

Pigmentfabrikken Venator, som ligg nær den finske byen Björneborg, fekk store skadar i ein brann i januar 2017. I haust bestemde dei seg for å ikkje bygga opp att heile fabrikken. Det var dårleg nytt for Titania i Sokndal.

Foto: Karri Laihonen / YLE

– Mange kjenner seg jo usikre på framtida, seier hovudtillitsvald ved Titania, Frank Toks.

I det store steinbrotet i Sokndal jobbar meir enn 200 personar med å henta ut og foredla stoffet ilmenitt, som mellom anna blir brukt i kvitmåling, tannkrem og solkrem.

Gruva er ei av dei som har vore i drift lengst i Noreg. I april stoppar produksjonen mellombels opp, og så godt som alle arbeidarane blir permitterte i fire månadar.

Det uroar ikkje berre dei som jobbar her.

Titania i Sokndal

I meir enn 100 år har Titania tatt ut ilmenitt frå fjella i Sokndal.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Permitteringane utgjer tolv prosent av heile arbeidsstokken i Sokndal kommune. I tillegg leverer mange lokale bedrifter varer og tenester til Titania, seier ordførar Trond Arne Pedersen (KrF).

Brann i Finland

Forklaringa ligg i ein dramatisk brann hos det som var den beste kunden deira.

Frå verkstaden i Titania sitt gruveanlegg i Sokndal

Tillitsvald Frank Toks (t.h.) kan fortelja at om lag 15 personar har funne seg nye jobbar etter permitteringsvarselet kom.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Venator sin pigmentfabrikk i Finland har årleg kjøpt om lag 150.000 tonn ilmenittkonsentrat frå Sokndal-gruva.

I januar 2017 gjekk delar av fabrikken gjekk opp i røyk, og i haust bestemde selskapet å ikkje bygga opp att den delen av fabrikken som tar imot Titania-ilmenitten.

Laster Twitter-innhold

– Me har fulle siloar. Då må me stoppa produksjonen, seier Larsen.

Dei varsla permitteringane før nyttår. Nå jobbar dei for å skaffa nye kundar. Men marknaden har lenge vore tøff.

Dag Arve Larsen

Dag Arve Larsen er dagleg leiar hos Titania, som er eigd av Kronos.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Dei siste åra har gruva nedbemanna frå om lag 300 til 200 tilsette. Og då USA innførte straffetoll på enkelte kinesiske varer, byrja Kina å selja meir ilmenitt i Europa i staden. Kundar Titania kunne fått.

– Det er jo ein handelskrig, men me har tru på framtida, seier sjefen.

Han har fleire døme på at moderselskapet, Kronos, vel å investera i Sokndal-gruva. Ein heilt ny dumpar til om lag 40 millionar kroner og eit nytt administrasjonsbygg er under bygging.

Verkstaden på Titania

Heile tolv prosent av alle som er i arbeid i Sokndal kommune, jobbar her i Sokndal.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Fleire har slutta

Likevel har 15 arbeidarar valt å seia opp på grunn av den uvisse framtida.

– Dei har fått seg andre jobbar, seier Frank Toks, som i tillegg til å vera tillitsvald, også er varaordførar i Sokndal.

Det er likevel ikkje eit hav av jobbar å velja mellom. For å vera mindre avhengig av gruvedrifta i framtida, har kommunen søkt om omstillingsmiddel frå Rogaland Fylkeskommune.

– Når det går bra, tenkjer me ikkje på det. Men nå har me fått ei utfordring i fanget. Me treng fleire bein å stå på, seier ordførar Trond Arne Pedersen.

Maskinentreprenøren BJ Mydland er eitt av selskapa som blir ramma hardt. Mellom seks og ti tilsette jobbar meir eller mindre fast på gruva.

– Me håper me kan unngå permitteringar, men då må me finna andre oppdrag. Det har det vore litt lite av den siste tida. Det er viktig for Sokndal at det går bra for Titania, seier dagleg leiar Leif Roger Øvrebø.