Hopp til innhold

Fekk avgiftssjokk på ny redningsbil

Norsk Folkehjelp Strand og Forsand må ut med nesten 460.000 kroner berre i avgifter til staten ved kjøp av ein ny redningsbil til 850.000 kroner. Nå krev dei reduserte avgifter for livreddande utstyr.

Norsk folkehjelp-bil

Denne redningsbilen skulle kosta Norsk Folkehjelp Strand og Forsand dyrt.

Foto: Norsk Folkehjelp

– For frivillige organisasjonar må det lagast ordningar som sørger for at det ikkje er så mykje avgifter med utstyr som trengst for å redda liv, meiner beredskapsleiar i Norsk Folkehjelp Strand og Forsand, Arne Alsvik.

Lokallaget til Norsk Folkehjelp i Ytre Ryfylke har hatt meir enn 50 aksjonar i år og er eit av landets mest aktive redningskorps. Mest kjent er dei for sine mange redningsoppdrag til Preikestolen.

Arne Alsvik

– Det vil alltid bli ein diskusjon om kor grensene skal gå, men liv og helse og beredskap er ei eiga greie. Dei dyre investeringane blir ofte heilt umoglege med avgiftene me har i dag, seier Arne Alsvik i Norsk Folkehjelp.

Foto: Eirik Gjesdal/NRK

Derfor er dei avhengige av godt utstyr til alle aksjonane. Nyleg har dei investert i ein ny båt, beredskapsbil og ein mannskapsbil som skal frakta redningsfolk ut på aksjonane.

Mannskapsbilen, ein Mercedes-Benz Vito Tourer, har ein samla prislapp på drygt 850.000 kroner. Over halvparten av kostnadane, nesten 460.000 kroner, går til staten i form av moms og eingongsavgift (sjå utrekninga under).

– Me ønskjer ikkje å framstå som sytete, men bruker dette som eit eksempel for alle frivillige som ønsker å investera i sikkert og godt utstyr, seier Alsvik.

Bil Norsk Folkehjelp

Forstår frustrasjonen

Geir Pollestad

Geir Pollestad (Sp).

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Leiar av næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad (Sp), forstår at Norsk Folkehjelp opplever dei store utgiftene til staten som urettferdige. Han meiner derfor politikarane bør sjå på om noko kan bli gjort.

Sjølv listar han opp tre punkt:

  • Få på plass ei ordning som garanterer at dei frivillige får tilbake alt dei har betalt i moms, dersom dei innfrir krava i momskompensasjonsordninga (sjå faktaboks) til frivillige organisasjonar. I dag kan det variera stort kva dei får betalt tilbake.
  • Auka den statlege støtta til den frivillige beredskapen.
  • Vurdera om bilavgifter og andre avgifter frivillige betalar, inkludert eingongsavgifta på bil, skal inngå i momskompensasjonsordninga (slik at avgiftene blir betalt tilbake).

Vil ikkje røra momsen

Roy Steffensen (Frp)

Roy Steffensen (Frp).

Foto: Frp

Også Framstegspartiet vil redusera bilavgiftene, spesielt eingongsavgifta. Men tidlegare medlem av finanskomiteen (nå leiar av utdannings- og forskingskomiteen), Roy Steffensen (Frp), vil ikkje røra momsen – og meiner momskompensasjonsordninga for frivillige fungerer godt nok.

– Moms er ei forbruksavgift på varer kor me ikkje skil kva utstyret skal brukast til. Det er ikkje vanskeleg å finna på gode føremål som må betala moms i dag, til dømes innkjøp av tryggingsutstyr og kreftmedisin. Det ville skapt eit komplisert system med vanskelege avgrensingar om du skulle innført momsfritak for enkelte.

Også beredskapsleiar Alsvik i Norsk Folkehjelp innser at det kan bli eit dilemma kor grensene bør gå for kven i Frivillig-Norge som bør ha krav på reduserte avgifter til staten.

Han er uansett klar på at dei som reddar liv bør vera i ei særstilling.

– Det vil alltid bli ein diskusjon om kor grensene skal gå, men liv og helse og beredskap er ei eiga greie. Dei dyre investeringane blir ofte heilt umoglege med avgiftene me har i dag.

Flere nyheter fra Rogaland