Hopp til innhold

Dette har dei gjort 300.000 gonger

Trine Olsen og faren Helge reiser landet rundt for å banke på telefonstolpar. Det har dei gjort sidan Trine var 13 år.

– Eg hugsar at eg fekk fem kroner per stolpe av far, seier Trine Olsen.

No, 22 år seinare, reiser ho og faren Helge på kryss og tvers i Noreg for å kontrollera straum- og telefonstolpar.

Det trengst.

Trine Olsen og faren, Helge Ullesnes Olsen, kontrollerer ein straumstolpe i Hellandsbygd i Sauda

Trine måler motstanden i stolpen, etter at bankinga har avslørt at noko er feil.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

For me har om lag 2 millionar av desse stolpane.

Og dei skal ha tilsyn kvart tiande år.

Til no har Trine og faren kontrollert 300.000 av dei.

– Du høyrer om stolpen er i orden når du har fått litt øving. Sjølv har eg vore med far i 15–20 år, så nå er det sjeldan eg tar feil.

Lyden av sopp og ròte

Dei sjekkar berre dei to nedste metrane av stolpane. Slik finn dei ut om stolpane klarer ti år til, eller om dei må skiftast ut.

Kan du høyra om stolpen er frisk eller øydelagd?
Enn denne då? Må han skiftast ut? Fasit nedst i artikkelen

Ute i skogen slår Trine lett i treverket på ein ny stolpe fleire gonger. Denne gongen er lyden annleis.

Apacheøksa, eller tomahawken, som blir brukt til stolpekontroll

Apacheøksa må alltid vera med.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Den er meir dump. Det er som lyden går innover i treverket. Det pleier å bety at det er fukt i stolpen, og det kan vera eit teikn på ròte, seier ho.

Stolpen blir merka og sett på lista over dei som skal skiftast.

Trine slår i kvar stolpe med ein reiskap som liknar på ein hybrid mellom øks og hammar. Han kan likna ei apacheøks.

– Ein frisk stolpe gir frå seg ein rein klang. Det er ikkje disharmoni i lyden, seier Trine og set godkjenningslappen på ein ny stolpe.

Hakkespetthol

Ho svingar apacheøksa på ny. Så kikkar Trine raskt opp i vêret.

– Hakkespett, slår ho fast.

Telefonstolpe med hakkespetthol

Hakkespetten har funne ein stad å bora seg inn i telefonstolpen

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Og det stemmer. Holet er tydeleg i stolpen nokre meter lengre oppe.

Det har blitt så stort at lyden har endra seg. Regn og fukt har trengt seg inn. Då er vegen kort før stolpen får seg ein knekk.

– Den må nok ut.

Sa opp jobben for å kontrollera stolpar

Trine har vore med mest heilt frå byrjinga. Faren Helge Ullenes Olsen jobba for Televerket i Stavanger. Her var han montør fram til 1997. Då selskapet blei til Telenor, kvitta dei seg med både tilsette og arbeidsoppgåver.

«Får eg kontrakt på å kontrollera stolpar, så seier eg opp på dagen», sa Helge til sjefen.

Det fekk han ja til, og beskjed om å seie frå om kor mange stolpar han kunne tenkje seg å ha ansvaret for.

Første året blei det om lag 35.000.

Helge Ullenes Olsen med apache-øksa til bruk i stolpekontroll

– Stolpekontroll skal eg drive på med til eg blir pensjonist, minst, seier Helge U. Olsen.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Familiebedrift

Sidan har det handla om stolpar for både far og dotter, i alle fall i sommarhalvåret.

– Me var ikkje alltid bestevener då eg var yngre, vedgår Trine og kikkar på faren.

Den gongen tykte ho det blei i overkant mange turar i skog og mark. I dag ser ho annleis på det.

– Etter kvart oppdaga eg at me var like på mange måtar, seier Trine.

I timeslange bilturar høyrer dei på musikk og diskuterer siste i nytt i livet. Slik oppstår tett vennskap. Begge slår fast at dei kjem til å fortsetje med stolpekontroll til dei blir pensjonistar. Og vel så det, om helsa held.

Så møter du eit gulkledd par som kikkar nøye på ein stolpe, skal du ikkje sjå vekk frå at det er far og dotter Olsen.

Lyden av ein stolpe som må skiftast ut
Lyden av ein stolpe som får stå litt til

Helge Ullenes Olsen og dottera Trine Olsen kikkar opp i ein straumstolpe

Helge Ullenes Olsen og Trine Olsen speidar mot neste telefonstolpe dei skal kontrollera. Det står minst att 1,7 millionar stolpar før dei har runda alle i Noreg.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK