Hopp til innhold

Får fram eliteroarar på dugnad

Jubelen var stor i Stavanger Roklub då Are Strandli tok VM-gull i lettvekt dobbeltsculler på laurdag. Målet til Strandli er å gje dei meir å jubla for under OL i Rio de Janeiro.

Jubelen var stor i Stavanger Roklub då Are Strandli tok VM-gull i lettvekt dobbeltsculler på laurdag. Målet til Standli er å gje dei meir å jubla for under OL i Rio de Janeiro.

SJÅ VIDEO: Her i Stokkavatnet har Stavanger Roklub avla mange talent.

Are Strandli og Kristoffer Brun

Kristoffer Brun (t.v.) og Are Strandli etter VM-gullet i Sør Korea.

Jostein Opsal

Jostein Opsal.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Are Strandli frå Stavanger Roklub tok i helga eit overraskande gull i RO-VM i Sør Korea, saman med Kristoffer Brun.

Dermed har Stavanger Roklub igjen klart å få fram roarar i verdseliten etter Steffen Skår Størseth og Kjetil Undset.

– Den beste kjensla nokon sinne

– Me er Stavangers nest eldste idrettsklubb. Neste år er me 120 år, og me er vel den klubben med flest internasjonale medaljar i Stavanger, seier tidlegare formann i Stavanger Roklub, Jostein Opsal.

Han står nede ved Stokkavatnet, der klubben held til, og der Are Strandli har lagt grunnlaget for å bli ein roar i verdstoppen. Laurdag rodde han inn til gull, etter ein formidabel spurt.

– Det er den beste kjensla eg har hatt nokon sinne. Alle som driv med idrett drøymer jo om å bli verdsmeistrar, det var heilt kanon og endeleg få oppleva dette, seier Strandli til NRK.no.

For tida studerer han og bur i Oslo. Han seier at trening på det mentale har vore viktig for å nå det siste steget opp til VM-gull.

OL-gull er målet

– Me byrjar å få litt rutine på kva som fungerer bra for oss, spesielt mentalt. Me har ein coach som me jobbar ein del med i samanheng med «mind set» og korleis ein skal tenka.

Kva tenkte du på?

Eg tenkte på veldig mykje og tankane flaug frå det eine til det andre. Det som er viktig er at du ikkje byrjar å tenka på at dette faktisk kan gå, det kan bli gull, då må ein heller tenka på det ein skal ha fokus på under løpet. For min del var dette å sitja litt oppreist heile vegen for å få best mogleg roing, seier han.

Dette var nok til å sikra VM-gull. Men Strandli vil vidare.

– Gull under OL i Rio i 2016 er det store målet, og det er det me jobbar mot. Det er OL som gjeld i roing. Så det som byrja i Stokkavatnet skal bli OL-gull i Rio, seier han og ler.

Inspirert av Strandli

Det vil i så fall ikkje bli den første OL medaljen for Stavanger Roklub. Steffen Skår Størseth og Kjetil Undset sikra Norge OL-sølv under OL i Atlanta i 1996. Undset har i tillegg sølv frå OL i Barcelona.

Dette er til stor inspirasjon for dei som i dag trenar i Stokkavatnet. Trygve Aarrestad er ein av dei unge som lar seg inspirera.

– Ein blir berre meir og meir inspirert når ein ser på resultata dei får til, seier Aarrestad.

Såg talentet tidleg

Leiarane i Stavanger Roklub såg tidleg at Are kunne nå langt då han byrja som aktiv for ti år sidan.

Janne Pedersen

Janne Pedersen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Eg hugsar at trenaren sa at han trudde Are var eit talent allereie då han såg han på romaskinen første gong. Eg tenkte litt på det då eg såg han i helga, seier Janne Pedersen, som er trenar i klubben.

Og det er ikkje pengane som har fått fram topproarane i Stavanger Roklub.

– Me har vist at me kan gjera det gong på gong. Det er ein del år sidan nå, men det tar trass alt litt tid å bygga opp ein roar frå første dag han kjem til klubben, fram til han vinn eit VM, seier Pedersen.

Ho slår fast at heile klubben er drifta på dugnad, men at det blir meir edelt metal er dei ikkje i tvil om.

– Me må trena nok, og me må villa nok. Då kan me flytta fjell, seier Jostein Opsal.