Statoil vil nå vurdere forholdet til supplybåtfirmaet Trico Norge. I USA vert arbeiderane i Trico sagt opp om dei er positivt innstilt til fagforeiningar. Selskapet har åtti lokale medarbeidere, og firmaet har supplybåter i Nordsjøen.
Statoil vil ha møte
NOPEF-inspektør Jarle Vines sier at Statoil gjennom FN-erklæringer er forpliktet til å følge opp arbeidstakerrettigheter, og at selskapet derfor ikkje kan handla med firmaer som krenker organisasjonsretten.
Konserndirektør i Statoil, Henrik Carlsen, seier at dei ikkje har fått signaler om at selskapet bryt norsk arbeidsmiljølov i dag, men Statoil vil likevel ha møte med selskapet.
Siviliserte i Noreg
NOPEF-inspektør Jarle Vines er sjokkert etter at han besøkte hovedkontoret til Trico i USA. Bedrifta sørga då for at fagforenings-delegasjonen vart fotføld av politiet medan dei var i byen, og dei fekk ikkje kontakt med ein einaste arbeidar.
Nopef har no kontakta Statoil og Norsk Hydro som bruker supplybåtar frå Trico, sjølv om Nopef karakteriserer selskapet sin oppførsel i Noreg som sivilisert.