Hopp til innhold

Færre sommardagar enn vanleg: – Kan framleis snu

Folk i Sør-Noreg må tola færre sommardagar i år enn vanleg. Men alt håp om sol og varme er ikkje ute.

Turister i Stavanger i regnponchoer

Desse turistane har kledd seg etter vêret i Stavanger fredag. Medan Tromsø har hatt ein varmare juli enn vanleg, frys dei lenger sør.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Synes du at sommarvêret har latt vente på seg? Viss du bur i Sør-Noreg, er nok den oppfatninga rett.

For det har vore unormalt få sommardagar fleire stader sør i landet i år, viser tal frå Meteorologisk institutt.

Ein god, norsk sommardag vart definert som eit døgn med maksimalt 1,0 millimeter nedbør, samstundes som temperaturen skal vera over 20 gradar i løpet av døgnet.

Grått sommervær i Stavanger

Fredag er shorts og t-skjorte bytta ut med regntøy og allvêrsjakker i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

For to år sidan gjekk NRK igjennom 100.000 vêrobservasjonar for å telja «fine sommardagar» frå 2000–2019.

Sjå statistikken over sommardagar 2000-2019

Tala viser blant anna at folk i Stavanger knapt har hatt færre sommardagar dei siste 22 åra. Per 14. juli hadde nemleg Stavanger berre 11 sommardagar i år.

Berre 2017 var verre. Då hadde Stavanger sin dårlegaste sommar med berre 10 sommardagar.

– Bra i nord, dårleg i sør

Klimavakt ved Meteorologisk institutt, Hans Olav Hygen, meiner det ikkje har vore den beste sommaren for alle. Men det finst unntak.

– Ofte når det er dårleg vêr i sør, er det varmare i nord, og omvendt. Temperaturen i store delar av Sør-Noreg har vore under eller rundt normalen, medan det fleire stadar i nord har vore over normaltemperaturen, fortel han.

Klimaforsker Hans Olav Hygen

Hans Olav Hygen meiner me vil få fine dagar, men òg mykje nedbør framover.

Foto: Caroline Drefvelin

Normaltemperaturen i Sør-Noreg oppfattar sommarvande søringar som kjølig.

I Tromsø har det vore 11 sommardagar så langt i år, med 3,1 gradar over normaltemperaturen i juli.

Best ut i år kjem Hokksund med 38 sommardagar. Det kjem ikkje overraskande på klimavakta at det er varme dagar på vestkanten av Viken, i overgangen mot Vestfold.

Her ligg også Nesbyen, som ennå held varmerekorden frå juni 1970. Då vart det målt 35,6 plussgradar. I år er det heller ikkje mangel på varme: 31 sommardagar.

Den nøyaktige plasseringa for varmerekorden i Nesbyen.

Det var nøyaktig her varmerekorden blei sett i 1970. Jarle Hermundsgård (til venstre) og Dag Smestad i t-skjorter med teksten «Nesbyen – Noregs varmaste i 50 år (1970-2020)".

Foto: Caroline Bækkelund Hauge

Litt overraskande er det at Trondheim har hatt 11 sommardagar så langt i år – ein by som ifølgje kartlegginga til NRK har 36 dagar sommar i snitt. I 2019 nådde byen ein topp på 48 sommardagar.

Kan framleis snu

– Det ser ikkje ut til at Trondheim får ein veldig stor sommar å skryta av i år. Men vêret er ein kombinasjon av klima og uventa samantreff, og difor kan det framleis snu, seier Hygen.

Og det gjeld også for sommarfattige Stavanger.

Turgåere i grått sommervær på Ølberg på Jæren.

Ein kan gå tur uansett vêr. Men Ølberg på Jæren er også fin i sol, og den har ein sett mindre til i sommar.

Foto: Kristoffer Apall / NRK

Vanlegvis plar det vera varmast i Noreg i overgangen juli og august. I slutten av juli er det toppvêr i innlandet, medan det i starten av august er varmast langs kysten.

– Me står framleis framfor varme og fine dagar, men også mykje nedbør. Det blir nok ein del flotte formiddagar, men med ettermiddagsbyer, fortel meteorologen.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg