Hopp til innhold

Færre nordmenn legg turen til Preikestolen denne sommaren

Sidan i fjor har besøkstalet gått ned 35 prosent. Dei som tar turen set pris på den gode plassen.

Preikestolen

FÆRRE BESØKANDE: Nedgangen i besøkstalet på Preikestolen har heldt fram i koronaens andre år.

Foto: Halfdan Carstens

– Det var ikkje så mykje folk, me hadde god plass til å ta flotte bilde på toppen, seier Linda Nilsen etter å ha kome ned frå Preikestolen i Strand kommune.

Hadde nokon sagt dette i juli 2019 hadde ingen trudd på dei.

Då måtte du nærmast gå i kø til det populære fjellplatået over Lysefjorden.

Så kom koronaen, og ikkje uventa stupte besøkstalet. Men at besøkstalet skulle halda fram med å stupa i år, var likevel meir uventa.

God plass på Preikestolen

GOD PLASS: Det er ingenting å seia på boltreplassen her. Bilde er tatt av Kine Rui frå Notodden, som saman med familien gjekk opp på Preikestol-platået tidleg om morgonen.

Foto: Kine Rui

Ein annan koronasituasjon

Nedgangen så langt i år, samanlikna med same tid i fjor, er på heile 35 prosent.

  • 2019: 330.000
  • 2020: 180.000
  • Så langt i 2021: 60.000

Helge Kjellevold er leiar i Stiftelsen Preikestolen, han meiner sommaren i fjor, og sommaren i år skil seg frå kvarandre.

Preikestolen

2019: I rekordåret 2019 kunne ein risikera å stå i kø.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– I fjor var det meir ro rundt koronasituasjonen, med fokus på at folk skulle vera i Noreg og ikkje reisa til utlandet. I år er det nok mange som håper at dei kan reisa til utlandet, seier han.

I tillegg meiner han at den lokale smittesituasjonen i Stavanger-området kan spela ei rolle.

Det har nyleg vore ei smittebølgje, og restriksjonane er framleis litt strengare her enn elles i landet.

Helge Kjellevold

Helge Kjellvold er leiar i Stiftelsen Preikestolen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Meir attraktivt for dei som kjem

På nabo-turistattraksjonen Kjerag opplever dei også nedgang i besøkstalet. Men mange forventar likevel at det skal vera mange folk.

– Eg får dagleg e-postar og telefonar frå norske turistar som vil reservera parkeringsplassar. Dei trur det skal vera fullt, seier turistvert Henrik Lilleheim.

Når dei kjem blir dei overraska over å sjå at det berre er ein femtedel av parkeringsplassen som er i bruk.

– Det er nesten ikkje folk i det heile tatt. Men for dei som er her blir det jo berre meir attraktivt. Dei bruker mykje lengre tid på fjellet, seier han.

Preikestolen

UTLENDINGANE KJEM: Her står tyske Lisa Rosinski aleine på kanten av Preikestolen. Saman med kjærasten har dei planar om å reise gjennom heile Noreg, heilt til Nordkapp i sommar.

Foto: @lisaa_stefan

Nå kjem utlendingane

På Preikestolen reknar dei med at besøkstalet for året vil landa på om lag 150.000. Men det er først og fremst fordi stadig fleire utlendingar nå kjem.

– Me hadde sett bilde av at det kunne ver veldig mange turistar på Preikestolen, men heldigvis var det berre nokre få turistar der oppe då me var der, seier Lisa Rosinski frå Karlsruhe i Tyskland.

Ho beskriv utsikta over Lysefjorden som «breathtaking».

Utlendingane utgjer snart halvparten av dei om lag 2000 daglege besøkande ifølgje Kjellevold. Dette trass i at det ikkje er lenge sidan grensene opna for turistar frå grøne land.

– Hovudsakleg kjem dei frå Tyskland, men også ein del andre nasjonar. Me kan få ein lengre sesong dersom situasjonen i Europa held seg stabil, men me veit jo at dette kan endra seg fort, seier Kjellevold.

Han presiserer at han ikkje trur nordmenn er mette på naturopplevingar, og peiker på ei tredje delforklaring på nedgangen:

– Sidan det var så mange som gjekk til Preikestolen i fjor, så tar dei ikkje same tur i år igjen.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg