Brannen starta sundag og var ikkje sløkt før onsdag. Det brant i området mellom Vikebygd og Bjoa.
Lensmann i Vindafjord, Ingvar Gjærde, seier at dei har sterke vitneutsegn som kan oppklara årsaka til brannen. Mellom anna er det funne ei oppbrent madrass i området der brannen starta.
- Den blir tatt med i all annen vurdering, og så får me sjå kva det endar med. Me går gjennom området og tar med det me finn. Så får me sjå kva årsaken er, om det kan vera nokon som har vore uforsiktige eller noko anna, seire Gjærde.