Hopp til innhold

Equinor slår alarm om ukjende dronar i Nordsjøen

Equinor har meldt til politiet om droneaktivitet kring minst tre plattformer i Nordsjøen. Det skriv nettstaden Aldri Mer, som mellom anna skriv om Noregs forsvarsevne.

Politiet bekreftar til nettstaden at dei er kjend med observasjonar av dronar kring plattformer i området, men vil ikkje kommentere saka vidare.

Forsvarets operative hovudkvarter vil ikkje sei noko om korkje observasjonane eller om det norske forsvaret driv med droneflyging i området.

Petroleumstilsynet skal ikkje ha svart på nettstaden sine spørsmål kring saka.

Det skal vere plattformer på Gullfaks C-feltet, Snorre A-feltet og særleg Johan Sverdrup-plattforma der det vart observert slike dronar.

Johan Sverdrup-feltet. Deler av plattformen.
Foto: Helge Mikalsen / VG

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg