Hopp til innhold

Energifylket vil gi straumhjelp til Ukraina

Bedrifter i Rogaland vil hjelpa Ukraina med straum gjennom ein kald og mørk vinter. Nå donerer næringslivet utstyr som kan drifta eit heilt sjukehus.

Innsamling av aggregat til Ukraina.

I Rogaland har dei begynt innsamlinga av mellom anna dieselaggregat. Frå venstre Kenneth Fløysvik, Harald Minge og Dag Mossige.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Nå er dei testa, fulle med diesel og klare for avgang til Ukraina.

Kenneth Fløysvik, dagleg leiar i firmaet Naboen på Forus, har gjort klar åtte dieselaggregat som skal sendast til det krigsherja landet.

– Desse kan halda ei gruppe menneske varme, eller med mat eller lys. Det kan også brukast til lading av mobiltelefonar og diverse. Me trur det vil vera til veldig god hjelp.

Dei er blant bedriftene i Rogaland som har sagt ja til å vera med på ein større dugnad.

Ukraina har bede om straumhjelp

– Når du ser bileta av folk som står og frys, folk som ikkje har straum til å lada mobilane, sjukehus som må handpumpe for å få respiratorar til å verka, så gjer det eit enormt inntrykk.

Dag Mossige

Gruppeleiar i Arbeidarpartiet i Stavanger, Dag Mossige har tatt initiativet til innsamlinga.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Det seier gruppeleiar i Arbeidarpartiet i Stavanger, Dag Mossige.

Straumforsyninga i Ukraina har blitt hardt ramma av russiske rakettangrep. Og ukrainske styresmakter har nå bedt kommunar og næringslivet i Noreg om hjelp til å få tak i utstyr som kan gi betre tilgang på straum gjennom vinteren.

Les også Zelenskyj-rådgiver ber om strømgeneratorer og hjelp til oppvarming

TOPSHOT - People rest in a coffee shop in Lviv as the city lives through a scheduled power outages on November 24, 2022, after the latest Russian massive airstrikes on the Ukrainian energy infrastructure, amid the Russian invasion in Ukraine. (Photo by YURI

Nå har Mossige tatt initiativet til ei innsamling lokalt.

– Viss det er ein stad i Noreg som burde ha ekstra utstyr av generatorar og transformatorar, så må det jo vera energifylket Rogaland. Og ikkje minst energihovudstaden Stavanger, seier han.

– Dette er ein veldig konkret måte å gi ei handsrekking på. Det er noko ukrainarane sjølv har bede om. Og her kan me verkeleg levera.

Strømbrudd i Kyiv etter rakettangrep.

Eit mørklagd Kyiv etter eit rakettangrep.

Foto: STRINGER / Reuters

Aggregat har blitt mangelvare

På eit kontor på Jæren saumfer Elena Skårland i Ukraina-hjelpen nettbutikkane på jakt etter aggregat. Organisasjonen ho driv har tidlegare kjøpt og sendt straumaggregat til heimlandet. Men nå har det blitt vanskeleg.

Elena Skårland

Elena Skårland vil gjerne sende fleire aggregat til Ukraina. Men nå er det utseld.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Akkurat nå har me 100.000 på konto, men me kan ikkje bruka det fordi det er utseld for aggregat, seier Skårland.

Og difor vil brukt utstyr som kan produsera straum vera gull verd i tida som kjem.

– Eg trur at dei kjem til å setta pris på kvar og ein. Kvart enkelt aggregat betyr noko for dei som får det. Det endrar kvardagen deira.

Ber 2000 bedrifter om å hjelpa

Stavanger kommune har fått med seg Næringsforeningen i regionen på laget.

Og dei har sendt ut e-post til sine 2000 medlemsbedrifter, med spørsmål om å vera med på dugnaden.

– Me håpar på ei massiv støtte frå næringslivet. Frå energiselskapa, frå bygg- og anleggsbransjen, seier leiar i Næringsforeningen i Stavanger, Harald Minge.

– Dette er eit ekstremt konkret prosjekt, me skal hjelpa folk i Ukraina å halda varmen. Me kjenner oss sikre på at mange bedrifter ønsker å bidra, seier Minge.

Også Mossige er optimist.

– Me har allereie fått inn fleire generatorar i prima stand. Ting som er så store at det kan brukast til å driva sjukehus rett og slett, seier han.

Etter planen skal den første traileren med utstyr køyra frå Rogaland 16. desember. Men Mossige håpar det blir mange fleire og at deira initiativ skal inspirera andre bedrifter i andre kommunar til å gjera det same.

– Me veit at russarane går på straumforsyninga. Då tar du og vatnet, kloakken og varmen. Så dette er noko som dei verkeleg treng. Dette er støtte til ukrainarane sin fridomskamp.

Innsamling til Ukraina. Frå venstre Kenneth Fløysvik, Harald Minge og Dag Mossige

Dieselaggregat som alt er samla inn. Frå venstre Kenneth Fløysvik, Harald Minge og Dag Mossige.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Flere nyheter fra Rogaland