Elbilar får ikkje lengre gratisbillett

Nå må elbilane betale i ferjebillett fleire stader i Rogaland. Men det blir likevel billegare enn for vanlege privatbilar.

Ferjekøer i Mekjarvik

I ferjesambandet Mekjarvik-Kvitsøy blir det også slutt på gratiskøyring med elbil.

Foto: Erik Waage / NRK

Samferdsleutvalet i Rogaland fylkeskommune gjekk i dag inn for å legge ned ordninga med at elbilar slepp å betale billett på fylkeskommunen sine ferjesamband.

Samferdsleutvalet i Rogaland tar vekk gratisordninga for elbilar i fylkesferjesambanda.

Samferdsleutvalet i Rogaland tar vekk gratisordninga for elbilar i fylkesferjesambanda.

Foto: Anders Fehn / NRK

Det vil gjelde dei som køyrer elbil i Tausambandet, men også i ferjesambandet som går mellom Finnøy, Nedstrand og Jelsa. I tillegg kjem det same til å skjer for Mekjarvik-Kvitsøy, Vassøyferja og Lysefjordferja. I nordfylket gjeld det ferjesambanda mellom Haugesund og Utsira og Haugesund og Røvær.

Slutt til sommaren

Den nåverande gratisordninga sluttar den første juni. Deretter skal elbilane betale same billettpris som motorsyklar.

Elbiler på Finnøy

Ennå får elbileigarane køyre gratis i Finnfast-tunnelen, men ikkje i ferjesambandet mellom øyane i kommunen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad/NRK

– Det nye statlege Auto-pass-takstregulativet legg også opp til dette alternativet og derfor var det naturleg for oss å samle oss om dette, seier Jan Erik Roen Søndeland. Han er partiet Venstre sin representant i utvalet.

Ville ha full billettpris

Partiet Frp ville at elbilane skulle betale vanleg billettpris. Terje Halleland meinte at vedtaket ville påføre fylkeskommunen store inntektstap.

– Me stemte mot å bruke 3.5 millionar kroner på å subsidiera elbilane, stadfestar Halleland.

Dette synet blei kraftig kritisert av Jan Erik Roen Søndeland i partiet Venstre.

– Det er svært skuffande at deira miljøengasjement tydelegvis ikkje strekker seg lengre enn 3-3,5 millionar fylkeskommunale kroner, seier han.

Foreløpig vedtak

Formelt blir ikkje endringa gjort, før Fylkesutvalet og til slutt Fylkestinget har stadfesta vedtaket i dag. Men fleirtalet er det same der, som i Samferdsleutvalet.

Det er Venstre, KrF, Ap, Sp og SV, som utgjer fleirtalet i denne saka.