Hopp til innhold

NRK erfarer: Den døde mannen skal ha vore gøymt bort

Politiet har funne ein ID nær den døde personen i Sandnes. Vedkommande har vore sakna i fleire år.

Død person fraktes ut i Sandnes

Den døde personen blir frakta ut frå Langgata 72 i Sandnes av politiet og gravferdsbyrået.

Foto: Tommy Ellingsen / NTB scanpix

Det var bygningsarbeidarar som torsdag ettermiddag melde ifrå til politiet om den døde personen.

Personen som er funnen skal vere ein mann. Han skal ha vore gøymt bort då han blei funnen, etter det NRK erfarer.

Politiet vil ikkje kommentere NRK sine opplysningar.

– Politiet veit ikkje kor lenge den døde har lege i huset der vedkommande blei funnen, seier Lone Wickstrøm, som avsnittsleiar ved personseksjonen i Sør-Vest politidistrikt.

– Vedkommande ber preg av å ha vore død i lang tid, seier ho.

Politiet trur dei veit kven den døde personen er, opplyste dei på ein pressebrief i dag.

Det blei funne ein ID på staden, og dei pårørande er varsla om identiteten. Namnet samsvarar med ein person som har vore sakna i fleire år. ID-kortet skal tilhøyre ein norsk mann, men politiet vil ikkje stadfeste dette.

NRK har vore i kontakt med bistandsadvokaten til familien til eigaren av ID-kortet.

Advokaten ynskjer ikkje uttala seg til pressa på nåverande tidspunkt, men seier at familien ventar på svar frå obduksjonsrapporten.

Nett no er det 117 personar på lista over sakna i Sør-Vest politidistrikt.

Død person funnet i Sandnes

Den døde personen blei funne i Langgata 72 i Sandnes – eit bygg som har blitt renovert lenge.

Foto: Ronny Hjertås

Har avhøyrt fleire personar

Politiet held fram den taktiske etterforskinga av dødsfallet, som dei torsdag såg på som mistenkeleg. Åstaden er framleis sperra, og politiet er på staden for å gjere kriminaltekniske undersøkingar.

Førebels jobbar politiet etter to hypotesar: at dødsfallet anten kan vere eit drap eller ei ikkje-straffbar handling.

– Jo meir tid som går, jo meir utfordrande blir arbeidet, seier Wickstrøm i Sør-Vest politidistrikt til NRK.

– Vitne gløymer, og det blir vanskelegare å gjere funn på den døde, seier ho.

Så langt har politiet avhøyrt bygningsarbeidarane som melde ifrå om den døde personen. I tillegg skal dei ha gjennomført andre avhøyr, men vil ikkje gå nærmare inn på kva for tilknyting desse har til saka.

Håpar obduksjonen gir svar

Den døde personen blir obdusert i dag.

– Me håpar obduksjonen vil kunne vise om det har skjedd noko straffbart eller ikkje, seier Wickstrøm.

Politiet opplyser at rapporten sannsynlegvis kjem i løpet av nokre dagar, men at dei førebels ikkje veit kor tid.

Sør-Vest politidistrikt har fått beskjed om at det kan dryge lenger enn normalt fordi den døde ber preg av å ha lege i lang tid.

Politiet orienterer om siste nytt i saken.

Politiet sin pressebrief om dødsfallet.

Politiet ønskjer tips i saka, dersom vitne har sett noko mistenkeleg rundt adressa Langgata 72 dei siste åra.

Bygget har stått tomt

Bygget kor mannen blei funnen død har i stor grad stått tomt i over åtte år. Politiet ønskjer no å kartleggje kva bygget har blitt brukt til dei siste åra.

Ifølgje dagleg leiar, Torbjørn Sterri, i Sandnes eiendomsselskap KF var det kulturskule i Langgata 72 fram til 2010. Sidan har huset blitt brukt til sporadiske funksjonar, som lager og liknande.

Det historiske bygget, som Sandnes kommune eig, skulle bli helsestasjon. Prosjektet med ombygging starta i 2018.

Bygningsarbeidarane som no reiv inni huset, var dei som fann den døde.

Flere nyheter fra Rogaland