Hopp til innhold

Easee-rival har dobla produksjonen

Medan Easee slit, går det rett til himmels for erkerival Zaptec: Folk må vere i sving nærast døgnet rundt for å møte etterspurnaden.

Westcontrol lager Zaptec-ladere

TRAVELT: Zaptec sine ladeboksar blir produserte på Westcontrol på Tau. Der går Izabela Banasiak og kollegaene hennar i tre skift for å møte etterspurnaden.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Situasjonen med Easee er trist, men han bidreg til større fokus på Zaptec sine produkt, seier Peter Bardenfleth-Hansen, administrerande direktør i Zaptec.

Vi treffer dansken i Westcontrol sine fabrikklokale på Tau utanfor Stavanger. Det er her ladeboksane blir produserte. Det blir skrudd og det blir montert. Halvferdige ladeboksar ligg på rekkje og rad.

På Westcontrol går tilsette tre skift i døgnet for å få ferdig nok ladeboksar. 140 personar jobbar i dag utelukkande med å lage Zaptec-ladeboksar.

Zaptec-produksjon på Westcontrol

Emil Berg er i full sving med å produsere Zaptec-ladarar på Westcontrol på Tau.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Vi er eit børsnotert selskap, så eg kan ikkje nemne nokon tal, men eg kan i alle fall seie at vi i år har fordobla produksjonen vår, seier Bardenfleth-Hansen.

Lenger sør, hos erkerivalen Easee på Forus, er historia ein annan. Dei har fått salsforbod i Sverige. Og no vurderer Nederland det same.

Dagen før nyheita om salsforbodet vart kjent, kosta ein Zaptec-aksje 27 kroner. Då Oslo Børs stengde onsdag var aksjekursen 36 kroner. Det er ein auke på 25 prosent på éin månad.

– Ein skal ikkje sole seg i ulykka til andre, det blir feil. Konkurranse er ein god ting. Eg har ofte snakka om Easee og Zaptec som Roger Federer og Rafael Nadal. Dei ville aldri vore så gode tennisspelarar viss dei ikkje hadde hatt kvarandre å konkurrere mot, seier Zaptec-sjefen.

Opnar døra for permitterte

24. mars vart 138 av Easee sine tilsette permittert, som ein direkte konsekvens av salsforbodet til svenskane.

– Er det aktuelt for Zaptec å tilsette desse folka?

Vi kan ikkje ta inn alle, men det er klart: Når vi veks er det behov for gode medarbeidarar, og Easee har mange gode og kompetente medarbeidarar, så det er klart at dette er noko vi ser på, seier Bardenfleth-Hansen.

Peter Bardenfleth-Hansen

Administrerande direktør i Zaptec, Peter Bardenfleth-Hansen, med ein rykande fersk ladeboks rett frå samlebandet på Westcontrol på Tau.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Zaptec har i dag 160 tilsette totalt. 80 av desse jobbar ved hovudkontoret i Stavanger. Zaptec-sjefen understrekar at ein del av veksten også er planlagd.

– Vi har gått inn i nye marknader i Tyskland, Frankrike, Benelux og Storbritannia, seier han.

– Har problema til Easee vore ein vekkjar for bransjen?

Det kan ein kanskje seie. Det har vorte eit større fokus på å kikke på tryggleiken og i dei ulike ladeboksane. Det helsar vi velkommen sidan vi mellom anna er godkjent hos svenske styresmakter.

Også tredjemann satsar

Easee-gründerane Jonas Helmikstøl og Kjetil André Næsje jobba i Zaptec fram til dei braut ut og danna Easee i 2018.

Det same gjeld Fredrik Erland Lima. Han var med på å etablere Amina i 2021.

Ifølgje Peter Bardenfleth-Hansen finst det eigentleg berre tre ladeselskap i Noreg: Zaptec, Easee og Amina – alle med base i Stavanger.

– Vi har hatt ein veldig spennande vekst dei siste månadene og åra. Vi lanserte i Noreg i fjor og tek for oss marknad for marknad i Norden og Europa, seier Lima, medgründer i Amina.

Fredrik Erland Lima

Medgründer Fredrik Erland Lima i Amina viser ein av prototypane på ladeboksen til selskapet for elbilar.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Etterspurnaden etter elbil-ladarar er aukande, ifølgje Lima. Selskapet har derfor nettopp tilsett ein landssjef i Sverige, etter å ha fått 250 søkjarar. Planen er å ha ladarar klare for den svenske marknaden til hausten.

– Er Easee-problema grunnen til at de no satsar?

– Nei, dette har vore planlagt i halvanna år. Heilt sidan starten har vi hatt ambisjonar om å satse internasjonalt, seier Lima.