Hopp til innhold

– Dyr kan læra mykje meir enn det me trur

Professor Inger Lise Andersen ved NMBU let seg sjeldan overraska av studiar som viser at ein dyreart har eigenskapar me tidlegare ikkje kjende til. Ho trur det er eit spørsmål om tid før me har eit ganske anna syn på dei fleste dyra våre.

Forskning gir oss stadig nye innblikk i dyrenes verden og vi oppdager stadig mer av deres intellektuelle kapasitet.

Kathy Esfandiari med grisen sin Pumba på kvalpekurs. Pumba er flinkare enn hundane til å læra seg triksa.

Då Kathy Esfandiari melde grisen sin på kvalpekurs, var ho redd at dei skulle bli foreldra med den rampete eleven i klassen.

– Slik blei det ikkje, Pumba er faktisk veldig flink, seier ho.

Og Pumba er nå den flinkaste i klassen, der han går saman med hundekvalpar. Men han er ikkje eit eineståande grisegeni. Stadig kjem det nye studiar som syner at grisar og andre dyr er smartare enn det me kanskje trudde.

– Me undervurderer dyra

Det vekte mellom anna stor oppsikt i heile verda då forskarar i Trøndelag hadde lært 23 hestar opp til å seia ifrå om dei var varme eller kalde for eit halvt år sidan.

Ei som ikkje blei like overraska var Inger Lise Andersen, som er professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Inger Lise Andersen professor NMBU
Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Ho meiner nemleg at dyr kan læra seg mykje meir enn det me vanlegvis trur.

– Det er all grunn til å tru at me undervurderer dyr med tanke på kor smarte dei er, kva dei er i stand til å læra seg og kva dei tenker og føler. Det får me stadig nye prov på, seier Andersen.

På NMBU har dei mellom anna forska på geiter. Studiar viser at sjølv om ein dekker til eit matfat for ein seks veker gamal geiteskilling, så veit dei at matfatet framleis eksisterer. Dette er ein innsikt som menneskebarn gjerne treng eitt år for å læra seg.

– Med tida vil me nok oppdaga at dei fleste husdyrarta er smartare enn det me trur, seier ho.

Vil ta tid

Men ho meiner likevel at det vil ta tid å syna fram kor smarte dyra eigentleg er.

– Alle forsøk som handlar om læringsforsøk er veldig tidkrevjande og krev mykje kreativitet av oss forskarar. Det er berre fantasien som set grenser for korleis me skal setja opp ulike forsøk, seier Andersen.

Petter Bøckmann som er zoolog ved Naturhistorisk museum UiO, er samd i at visse dyr er smarte, men han meiner det er problematisk når mennesker ofte speglar sin eigen måte å sjå verda på når dei tolkar dyr sine handlingar. Dermed kan me gi dyr eigenskaper dei ikkje har.

– Dyr er styrt av kjenslene sine. Dei er svoltne, dei er redde, dei er kåte. Å leva som eit dyr er å handla på ei trang til å gjera noko. Det er menneske som set seg ned og tenkar på om ein skal gjera det slik eller slik, seier Bøckmann.