Hopp til innhold

Droppar nyttårsfeiring ute på restaurant

Dei fleste restaurantane held stengt på nyttårsaftan. Folk vil heller feire heime, eller i utlandet, meiner reiselivsforskar.

Champagne på julebord
Foto: Colourbox

– Då eg vaks opp og begynte i kjøkkenbransjen så var det vanleg å ha ope på nyttårsaftan, då eg flytta til Oslo var det også slik, seier kokk og resturanteigar Sven Erik Renaa.

Men i Stavanger er så og seia alle restaurantdører stengde på årets siste dag. For Renaa er det heller ikkje aktuelt å halde restauranten open på nyttår.

Sven Erik Renaa

Sven Erik Renaa sin restaurant vil vera stengd på nyttårsaftan.

Foto: Eirin Margrethe Fidje

– Her i Stavanger har det aldri vore eit tema. Kvifor det er slik her, er eg ikkje sikker på, det er jo ein stor tradisjon i andre land å gå ut på nyttår, seier Renaa.

Har det fint heime

Reiselivprofessor Reidar Mykletun trur det er fleire grunnar til at nordmenn droppar restaurantbesøk på nyttårsaftan.

– Det eine er at det er dyrt. Det kostar mykje å stelle til ein fest på ein restaurant. Det andre er at folk pyntar og gjer det fint heime til jul, og dermed er det eit godt alternativ å ha gjester heime hos seg sjølv, seier Mykletun.

Reidar Mykletun

Professor Reidar Mykletun trur det er fleire grunnar til at folk droppar restaurantane på nyttårsaftan.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Nyttår er også eit godt tidspunkt for å ta seg ei utflukt.

– Det er også mange som reiser til hyttene sine, og det er også ein stor trafikk ut av landet. Der kan ein feire nyttår på ein fornuftig måte.

Han trur ikkje at ein vil sjå fleire på restaurantar på nyttår i Norge i åra som kjem.

– Eg trur nok heller at me vil sjå at fleire reiser ut av landet, og brukar pengane der, i staden for på restaurant heime, seier Mykletun.

Slepp oppvasken

Sjølv skal restauranteigaren Renaa feire nyttår heime.

– Men det kunne ha vore kjekt å feire på ein flott restaurant ein gong.

Og då slepp du oppvasken?

– Ja, det er det som er cluet. Då slepp du oppvasken, ler Renaa.