Dømd for drap i Latvia

Ein 35 år gamal mann er i Stavanger tingrett dømd til 13 års fengsel for å ha drepe ein mann i Riga i april i fjor, det skriv Stavanger Aftenblad. Retten trudde ikkje på den tiltale si forklaring om at han handla i naudverje.