– Eg skulle gjerne sett at kvinnedelen var større.
Leiv Arne Marhaug er ordførarkandidat for Høgre i Karmøy.
Dei har 43 namn på liste til valet i haust. 13 av dei er kvinner.
Av alle dei 376 kandidatane som stiller til val i kommunen er 37,8 prosent kvinner.
For heile Noreg er andel kvinner på listene 41,3 prosent.
Det viser NRK sin gjennomgang av alle dei 53.305 kandidatane som står på ulike parti- og bygdelister til kommunevalet i haust.
– Det er uheldig at det er slik. Me skulle gjerne ha vore over snittet, seier Marhaug.
Men i tillegg til at andel kvinnelege kandidatar går ned, har alderen gått opp.
Snittalderen på dei som stiller til val er 52 år.
Det er ei auke på to år på to val. Og som ein ser av statistikken, nesten tre og eit halvt år på fire val.
Men Karmøy har ikkje berre lågare kvinnedel. Der er også snittalderen til kandidatane høgare.
I år er den gjennomsnittlege kandidaten i vestlandskommunen ein mann på 53 år.
Meiner det er eit demokratisk problem
I arbeidet med denne saka har NRK spurt over 20 kvinner, fleire stader i Karmøy, om dei vil kommentere statistikken.
Berre to sa ja:
Aslaug Kongshavn
– Eg meiner det er eit demokratisk problem fordi du får ikkje opp dei sakene kvinnene er mest opptekne av.
– Kvifor er det så få kvinner?
– Eg trur det handlar om kulturen i politikken. Korleis folk uttalar seg. Ein kan bli litt skremt av det. Dessutan handler det kanskje litt om netthets også. Vi veit jo at kvinner får mykje meir hat enn menn og det er eit problem. Og så må partia prioritere å få tak i kvinnene. Har dei løpt etter damene på Karmøy og spurt dei om å bli med?
– Kvifor stiller ikkje du?
– Eg har vore med i Bispedømmerådet og anbefaler andre å engasjere seg politisk. Du lærer kjempemasse om politiske prosessar og å våge å uttale deg. Men då gjeld det å ha eit trygt miljø for det er ubehageleg å stå i vanskelege saker. Nå stiller eg ikkje for eg veit ikkje om eg hadde tålt det slik det er nå.
Janne Kristine Sørheim
– Det er synd. Det er viktig å få fram kvinner sine meiningar. Vi tenker gjerne annleis enn menn og vil ha fram dei sakene som er viktige for oss.
– Kvifor trur du det er så få kvinner?
– Det er kanskje litt tradisjonelt her på Karmøy. Kanskje vi framleis tenker at det er menn sin jobb å bestemme.
– Kvifor stiller ikkje du?
– Nei, eg veit ikkje. Eg er lærar og småbarnsmor og har nok med det.
Ragnhild Louise Muriaas er professor i statsvitskap ved Universitetet i Bergen, og har fokus på spørsmål knytt til kjønn, representasjon, val og demokratisering.
Ragnhild Louise Muriaas, forskar på Universitetet i Bergen.
Foto: Valentina Baisotti / NRK– Det har vore mykje fokus på kvinner i politikken og ein del har forsøkt å mobilisere. Då hadde ein gjerne tenkt at talet skulle gå opp, seier ho.
Ho seier studiar viser at når etablerte politikarar opplever sjikane, reagerer dei ikkje med å slutte i politikken.
– Men det ein er bekymra for er om kvinner kvir seg for å gå inn i politikken på grunn av hets og sjikane, seier ho.
Starta gruppe for dei under 40
Sitjande kommunestyre i Karmøy har berre ein representant under 40 år. Og på vallistene for neste kommuneval er snittalderen 53 år.
To år høgare enn ved sist kommuneval.
Ser ein på snittalderen til dei som er listetoppar i heile Noreg, altså ordførarkandidatane, er også denne høg og har gått ned minimalt frå førre val.
Men Muriaas meiner framleis vi har ganske unge politikarar i Noreg.
– Så må ein jobbe aktivt for å rekrutterer nye grupper. Både unge og kvinner, seier ho.
Reidun Johansen Bergland ein av dei yngste listekandidatane i Karmøy og stiller til val for Raudt i haust.
Reidun Johansen Bergland (Raudt) står på liste for første gong.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK23-åringen er redd politikken blir einspora når alderen på politikarane er så høg.
– For å sikra demokratiet trur eg det er viktig at unge engasjerer seg, seier ho.
Men ho forstår at andre unge vegrar seg.
– Eg har fått høyre at det er folk som meiner eg er for ung, men eg får også høyre at folk synest det er litt kult at eg vågar å engasjere meg.
Den høge alderen har gjort at rundt 30 listekandidatar på Karmøy har danna ei tverrpolitisk gruppe for dei under 40 år.
Ei av dei er Marianne Cederløv (Ap).
Marianne Cederløv (Ap) håpar veljarane i haust er bevisste på å få inn yngre kandidatar når dei går til valurnene i september.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK– Eg er litt skeptisk til om me faktisk kan ta gode diskusjonar og avgjersler for dei som er yngre dersom me ikkje har hatt ei stemme med i saka.
Nå håpar ho at dei som skal stemme i september er bevisste og kryssar av kandidatar under 40.
3 av 14 listetoppar er kvinner
I 2019 skreiv NRK ei sak om at 12 av 12 listetoppar i Karmøy var menn.
May Synnøve Rygh frå KrF er ein av tre kvinner som er listetopp i Karmøy.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRKFire år seinare har det ikkje blitt så mykje betre.
Nå er 11 av 14 menn.
May Synnøve Rygh stiller til val som ordførarkandidat for Karmøy KrF.
Ho er ei av dei tre kvinnelege listetoppane i kommunen og meiner det er på høg tid at talet på kvinner som stiller til val aukar.
Men ho har ein teori om kvifor tala er som dei er:
– Me er kanskje litt meir konservative her i kommunen, seier Rygh.
Rune Midtun er Frp sin ordførarkandidat i Karmøy.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRKEin av dei mannlege listetoppane i Karmøy, Rune Midtun (Frp), seier partiet jobbar med å auke kvinneandelen, men trur kvinnene blir skremte av kor mykje tid politikken tar.
Han toppar ei liste med 43 namn. 12 av desse er kvinner.
– Men dei som har engasjert seg ser at dei kan gjere ein skilnad, så forhåpentlegvis er det fleire som ser syn på å bruka meir tid på dette, seier han.