Streng reaksjon
Mannen får den strengaste reaksjonen ein politimann kan få utan å verte oppsagt. Det seier politimeister Olav Sønderland i Rogaland politidistrikt.
Det er eit einstemmig tilsettingsråd som har bestemt at politimannen skal degraderast. Han får såkalla ordensstraff. Mannen får ei stilling der han ikkje har kontakt med publikum. Han får heller ikkje vere med på etterforsking av straffesaker, seier Sønderland.
Fengsel på vilkår
Politimannen vart dømt til fengsel på vilkår. Det er ikkje vanleg å seie opp politifolk som ikkje må sone i fengsel seier politimeisteren.
Mannen brukte datamaskinen sin i arbeidstida til å sjå på og laste ned barneporno.