Hopp til innhold

Har sløkt brannen i Stavanger sentrum

Brannvesenet driv med ettersløkking i Klinkenberggata i Stavanger, men fleire hus er evakuerte grunna mykje røyk i området.

Brann i Stavanger sentrum

Siste: Brannvesenet melder klokka 15.45 at brannen er sløkt, og at dei no driv med ettersløkking.

– Det er fyr i eit bustadhus. Me er veldig urolege fordi det er mykje vind og trehusa ligg tett, sa vaktleiar Kjetil Vier i Rogaland Brann og Redning om lag 15.20. Dei har ikkje fått melding om at det er folk inne i huset.

Bebuarane i fleire hus i nærleiken er evakuerte grunna røyken etter brannen.

– Eg oppdaga at det var røyklukt i butikken min, og då eg såg i bakgarden såg eg masse røyk og flammar som kom ut i luftegarden. Då skjønte eg at dette ikkje var under kontroll. Då var det allereie fleire som hadde ringt, seier nabo Svein Hellerud.

– Såg du flammar?

– Ja, dei stod ut frå veggane. Då tenkte eg at eg såg mange trehus og med så dårleg branntryggleik som det er her, så kunne dette bli tragisk. Dette er jo verna hus.

Han var heldig og vart ikkje direkte råka av flammane

– Det er mykje røyk inne i butikken, men ikkje flammar, heldigvis.

Svein Hellerud

Klinkenberggata