Hopp til innhold

Bryne vann 2-0 mot SIF

Pangstart i debutkampen i Stavanger for Bryne-trenar Mons Ivar Mjelde. Brynefansen sang namnet til sin nye trenar i sluttminutta.

Mons Ivar Mjelde
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

Før kampen låg SIF på 14. plass og Bryne på 15. plass. Med andre ord var det viktig for begge lag å vinna kampen.

Etter ni minutt scora Ezekiel Bala for Bryne, og gav med det Mons Ivar Mjelde ein draumestart på trenarkarriera i Bryne.

Det var ingen finspelt kamp i Stavanger. Begge laga sleit med å skapa sjansar, men Bryne var best spelemessig.

Fem minutt før slutt fekk Jakop Storhaug gå heilt inn i femmeteren til SIF, utan å møta motstand. Han sentra Marius Helle, som enkelt sette inn 2-0.

- Vann fortent

Det var mange tilreisande frå Bryne til kampen. Til saman var det nesten 1300 tilskodarar, men det var dei raudkledde på tribuna som laga mest liv. Då kampen nærma seg slutten, song dei Mons Ivar Mjelde sitt namn.

- Det var veldig kjekt å debutera med siger, og eg tykkjer me vann fortent, sa Mjelde til NRK etter kampen.

- SIF er ikkje enkle å møta på heimebane, og eg er stolt over det arbeidet gutane la ned i dag. Likevel har me mykje å gå på, og det skal me jobbe med fram til neste kamp.

SIF-trenar Cato Hansen tok tapet med fatning.

- I utgangspunktet tykkjer eg ikkje Bryne var betre enn oss. Dei var betre enn oss i dei avgjerande situasjonane føre mål, og der må me bli betre.

Hansen seier at han ikkje er uroa over tabellsituasjonen sidan det framleis er 20 kampar igjen å spela.

- Det skal vera kjekt å spela fotball. Me får nye moglegheitar til å ta poeng i neste kamp. Verre er det ikkje, sa Hansen.

Les om kampen minutt for minutt her.

Flere nyheter fra Rogaland