Hopp til innhold

Brannen ved Hellvik er sløkt

Med hjelp av helikopter klarte brannvesenet og sivilforsvaret fredag kveld å sløkka storbrannen som har herja på grensa mellom Hå og Eigersund.

Brannen ved Hellvik

Det gjekk fleire timar før brannvesenet fekk kontroll på brannen som byrja på Buarskogen ved Hellvik i Eigersund.

Foto: Kristoffer Møllevik / NRK

– Nå er helikopteret kalla tilbake og brannen er sløkt, seier Odd Magne Pedersen i Brannvesenet Sør-Rogaland til NRK.no klokka 21.15.

Det var klokka 10:53 same dag dei fekk melding om ein bråtebrann som hadde kome ut av kontroll. Brannen spreia seg raskt, og brannvesenet reknar med at det er oim lag 1000 mål utmark som er svidd av.

– Nå skal me ha eit møte der me legg planar for korleis vakthaldet i natt skal vera, seier Pedersen.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg