Hopp til innhold

– Håpar å få sløkka brannen før det mørknar

Brannvesenet og sivilforsvaret har ute store styrkar i arbeidet med å sløkka storbrannen ved Hellvik i Eigersund. Over 1000 mål er avsvidd.

Brannhelikopter

Eit redningshelikopter og fleire mann frå brannvesenet og sivilforsvaret jobbar for fullt for at brannen ved Hellvik ikkje skal spreia seg.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Brannvesenet fekk klokka 10:53 melding om ein bråtebrann, som hadde kome ut av kontroll på Buarskogen ved Hellvik i Eigersund. Etter det NRK kjenner til er det nærmare tusen mål med gras, lyng og einar, som er råka av brannen.

Brann ved Hellvik

UTE AV KONTROLL: Vinden gjer sløkkingsarbeidet utfordrande.

Foto: Kristoffer Møllevik / NRK

Brannen ved Hellvik

Flammane har til tider vore høge.

Foto: Kristoffer Møllevik / NRK
– Det brenn godt, og me har ikkje kontroll på brannen, sa Odd Magne Pedersen i Brannvesenet Sør-Rogaland IKS i 14.30-tida.

Om lag 30 personar frå brannvesenet og sivilforsvaret jobba då med sløkkearbeidet i tillegg sette dei inn eit helikopter i arbeidet. Like etter klokka 16 kunne Brannvesenet Sør-Rogaland melda om at dei byrja å få kontroll på brannen.

Klokka 19:45 opplyser brannvesenet at det framleis brenn, men at dei no har kontroll på brannen og at dei håpar å få sløkka den heilt før det mørknar.

Om lag 60 personar er med på sløkkearbeidet. Det er både mannskap frå brannvesenet, sivilforsvaret og bønder som bur i området som deltek.

Mykje vind

Vind i området har gjort arbeidet utfordrande for brannmannskapa. Brannen var tidlegare karakterisert som udramatisk, men fordi vinden skifta retning fekk sløkkemannskapa med eitt meir å stri med.

– Det bles godt, det er vel rundt liten kuling. Det er også meldt at det vil blåse meir opp, seier Pedersen.

Det skal ikkje vera fare for hus eller andre bygningar i området, som stort sett består av lyng og kratt.

NRK har snakka med Torbjørn Bergo som er i området. Han fortel kl. 14:30 at det brenn på fire ulike stadar, og at det er stor avstand mellom brannane.

Brannbefal, Svein Oscar Vigestrand, fortel om brannen ved Hellvik.

SJÅ VIDEO: Brannbefal, Svein Oskar Wigestrand, fortel om brannen.

– Nærmare tusen mål

Nærmaste nabo til brannen er Andreas Ualand. Han var hos frisøren på Varhaug då det byrja å brenna. Då han kom seg heim kunne han konstatera at mykje av utmarka hans var svidd av.

– Berre på min eigedom er det snakk om fire hundre mål som har brent, men totalt trur eg brannen har råka eit område på om lag tusen mål. Brannen har også vandra over i Hå kommune, seier Ualand til NRK.no.

Han fortel at det er svært mange ute frå brannvesenet. Både på vaktpost og ute med pisk for å sløkka.

– Området her er kupert, og det er ikkje lett å koma fram med anna sløkkeutstyr enn pisk, fortel Ualand.

Her har ein tipsar filma røyken frå brannen ved Hellvik

SJÅ VIDEO: Brann ved Hellvik ute av kontroll. Foto: Torbjørn Bergo

Hadde godkjenning til å brenna

Meteorologisk institut har eit OBS-varsel ute, der dei skriv at det er lokal stor gras- og lyngbrannfare på grunn av tørr vegetasjon på Vestlandet. Dette vil vara heilt til det kjem rikeleg med nedbør.

Odd Magne Pedersen i Brannvesenet Sør-Rogaland seier at mannen som skulle brenna bråte hadde godkjenning frå kommunen til å brenna.

– Det var denne mannen som sjølv ringde inn og varsla oss. Bråtebrannen hadde kome ut av kontroll, fortel Pedersen.

Brann ved Hellvik