Hopp til innhold

Brann i bygg på torget

Brannvesenet melder om brann i eit bygg ved torget i Stavanger. Det var ein automatisk brannvarslar som slo ut. Då brannmannskapa kom fram viste det seg at det brann i eit etasjeskilje, men at det ikkje var fare for spreiing, seier vaktleiar Christer Gilberg.