NRK Meny

Brann i bakeri i Sauda

Det er brann i Øyra Bakeri i Sauda sentrum. Brannvesenet melde om brannen rett over klokka sju og ennå er det stor røykutvikling frå bakeriet. Brannen er vanskeleg koma til og mannskapet må bryte seg gjennom tak og vegger for å kunne sløkke. Også brannvesenet frå Sand og folk frå sivilforsvaret er med på sløkkinga.