NRK Meny
Normal

Rennfast slutt 31. juli

Bompengeinnkrevinga i Sokn bomstasjon i Rennfast er slutt den 31. juli i år.  Det blei vedtatt på styremøtet onsdag ettermiddag.

Det blir slutt på betaling i bomstasjonen i Sokn bomstasjon midnatt 31. juli.

Det vedtok styret i Tungenes Ferjeterminal i dag.

Da har bomstasjonen i Rennfast tatt inn 1500 millionar kroner + 44 millionar som går til Finnfast-tunnellen.

Brikkeskift

Men på ein gledens dag er det ein ting som brukarane av Rennfast må hugsa: 

- Bompengebrikkene blir ugyldige frå 1. august.  Deretter får du bot i alle andre bomstatsjonar dersom du kjører gjennom med gammal brikke, seier styreleiar Wendt.  Han rår alle til å skifta brikke i god tid før 1. august.