NRK Meny
Normal

Bombespøk av fastlegar til konfliktrådet

To fastlegar på Jørpeland har blitt etterforska av politiet etter at dei maskerte seg og kasta ein sekk inn i ambulansesentralen. Nå skal saka bli avgjort i konfliktrådet.

Jørpeland ambulansesentral

Bombespøken til to fastlegar på ambulansesentralen på Jørpeland blir avgjort i Konfliktrådet i Sør-Rogaland

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Partane har samtykka til at saka kan bli behandla i konfliktrådet. Bakgrunnen for at saka går til mekling er blant anna opplysningar om at legane og dei på ambulansesentralen kjente kvarandre og at det var meint som ein spøk, opplyser politiadvokat Ine Knutsen Stenevik som er påtaleansvarleg i saka.

Det var i slutten av mars to fastlegar på Jørpeland i Rogaland utløyste ein væpna politiaksjon då dei maskerte seg og kasta ein sekk inn i ambulansesentralen i ryfylkebyen, men saka blei først kjent i media i april.

Sterke reaksjonar

Ambulansesentralen blei sett ut av spel, og beredskapen måtte flyttast til andre stader mens det heile gjekk føre seg. Det skal vera snakk om ein til to timar.

Dei to fastlegane har forklart til politiet at det heile var meint som ein spøk, men verken politiet eller dei tilsette ved ambulansesentralen synst det var morosamt.

Divisjonsdirektør ved Stavanger universitetssjukehus (SUS), Hans Tore Frydnes, var blant dei som reagerte sterkt på hendinga.

– Dette tar me svært alvorleg. Me har aldri vore i nærleiken av å oppleva noko slikt, sa han til NRK i slutten av april.

Sikta for trugslar

Både politiet og Helse Stavanger melde saka. Dei to legane blei melde for trugslar eller skremmande åtferd. Nå er påtalen avgjort – og saka går altså til konfliktrådet.

– Fastlegane er sikta for trugslar ved å ha kasta ein bag inn i ambulansesentralen. Dersom partane ikkje signerer ein avtale i Konfliktrådet i Sør-Rogaland, blir saka returnert til politiet. Då må me på ny ta stilling til om det skal bli tatt ut tiltale eller ein ny reaksjon, opplyser politiadvokat Stenevik.

Det er nå opp til meklar i konfliktrådet å kalla inn partane til møtet.