– I dag vart det varsla den tredje høgaste straumprisen i dette området. Den desidert høgaste straumprisen på ein sommardag. Men me produserer ikkje.
Det seier Bjørn Sandvik, kraftverkssjef på Ulla-Førre-kraftverket, Noregs desidert største kraftmagasin.
Årsaka? Dei manglar vatn. Mykje vatn.
– Det er det lågaste me har hatt på denne årstida på 20 år, seier Sandvik.
Bjørn Sandvik, kraftverkssjef på Ulla-Førre-kraftverket.
Foto: Gunnar MorsundBlåsjø-magasinet, som ligg på grensa mellom Rogaland og Agder, forsyner Ulla-Førre-kraftverka i Suldal med enorme mengder vatn.
Ved normal drift vil vatnet i Blåsjø bidra til å produsera nok straum til å forsyna halve Stor-Oslo. Men slik er det ikkje no, ifølge kraftsjefen.
Fyller magasina til vinteren
Nedanfor Blåsjø-magasinet ligg Saurdal pumpekraftverk. Herifrå pumpar dei vatn tilbake til Blåsjø-magasinet.
Dette for å sikra at det er nok vatn til vinteren, når me verkeleg treng det.
– Det siste vatnet som er igjen i Blåsjø, er av veldig høg verdi. Med usikkerheita framover, planlegg me lite produksjon fram mot neste vinter, seier Arild Tanem, direktør for energidisponering i Statkraft.
Dei planlegg alltid fem år fram i tid, seier han. Det er spesielt viktig for dei å ha nok vatn på lager til neste vinter.
Vassnivået i Blåsjø-magasinet ligg 30 meter under høgaste regulerte vasstand.
Foto: Gunnar MorsundAlt vatn dei klarer å pumpa tilbake til kraftmagasinet, er gull verdt.
– I sum har me omtrent null produksjon planlagt på Blåsjø fram mot neste vinter, seier Tanem.
Kraftanalytikar: – Ein sikkerheit å spara
Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt seier praksisen heilt klart er med på å løfta straumprisane til det høge nivået dei er på no.
Men eksporten er lågare no enn for eit år sidan.
Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt.
Foto: NRK– Det kan hjelpa på prisane litt seinare i vinter, men det er derfor me set rekord akkurat no. Ein har mått løfta prisane for å hindra meir eksport og redusere produksjonen, seier han.
Han trur straumprisen kan bli lågare enn toppnivået som er no, men ser ikkje vekk frå at den kan stiga til vinteren igjen.
Endå høgare enn no.
– Men det er jo ein sikkerheit at me sparer på litt vatn slik at me har noko vatn til vinteren, legg han til.
Trur dei høge straumprisane vil fortsetta
Statkraft lar kraftturbinane stå, sjølv om det blir sett prisrekord i Sørvest-Noreg for kvar dag som går. Direktør Tanem innrømmer at det påverkar straumprisen.
– Når me verdset vatn så høgt at me vel å ikkje produsera, vil det føra til ein høgare spotpris. Men hadde me tømt magasina meir, ville det ha auka risikoen for endå høgare spotpris neste vinter, fortel Statkraft-direktøren.
Kraftverkssjef Bjørn Sandvik erkjenner at vinteren kan bli meir pressa enn normalt. Han presiserer at dei heile vegen jobbar med å disponera vatnet slik dei meiner er best.
– Heldigvis har storsamfunnet, myndigheita og Statkraft same interesser. Og det er å ha tilgjengeleg vatn når det er mest behov for å produsera straum, seier Sandvik.
Det er lite vatn i Noregs største kraftmagasin.
Foto: Gunnar Morsund