Hopp til innhold

Fryktar for tryggleiken på platået – vil ha lov til å stansa preikestolturistar

Preikestol-sjefen ber om lov til å avgrensa talet på fotturistar på dei mest besøkte dagane. Turistforeininga kallar det eit inngrep i allemannsretten.

Prekestolen i Rogaland er et populært turistmål i sommersesongen.

Er det fornuftig å regulera kor mange som får gå på preikestolplatået med den venta turistveksten? Det meiner Stiftelsen Preikestolen som ønsker debatt om temaet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Med den venta turistveksten etter pandemien, vil du komma til eit punkt der det går ut over både turopplevinga og tryggleiken til folk, meiner dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen, Helge Kjellevold.

I fjor gjekk færre fotturistar til Preikestolen på grunn av koronapandemien.

Men sist normalår (2019) blei det ny besøksrekord og over 330.000 besøkande til det verdskjente fjellplatået i Lysefjorden.

På sikt viser prognosane ei dobling i besøkstalet, altså om lag 600.000 besøkande i året.

Helge Kjellevold

Dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen, Helge Kjellevold.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Dette er i tråd med den ferske reiselivsstrategien til Innovasjon Norge. Ifølge den vil internasjonalt reiseliv veksa med 37,5 prosent fram mot 2030, samanlikna med 2019.

Derfor ber preikestolsjefen om lov til å styra og stansa fotturistar på dei mest besøkte dagane.

– I eit normalår er det mange tusen som skal ut i stien i løpet av eksempelvis tre timar. Då blir det køar og ei dårleg oppleving. Då ønsker me å halda folk igjen og fordela trafikken i stien. Det kan me ikkje gjera i dag.

DNT: – Bør vera siste utveg

Den Norske Turistforening (DNT) er skeptiske til utspelet.

DNT meiner all form for regulering vil vera eit inngrep i allemannsretten. Altså retten me alle har til fri ferdsel til fots og på ski i utmark.

Dag Terje Klarp Solvang, Den Norske Turistforeningen

Generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang.

Foto: Andre Marton Pedersen / Andre Marton Pedersen

– Eg skjønar veldig godt at dei har behov for å få bukt med dei store folkemengdene. Men forbod og inngrep i allemannsretten bør vera absolutt siste utveg, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang.

Han peikar heller på andre tiltak for å spreia turisttrafikken:

  • Regulera besøkande gjennom førehandssal av parkerings- og bussbillettar.
  • Avgrensa parkering.
  • Stenga parkeringa nokre timar på morgonen slik at ein berre kan komma med buss og ikkje privatbil på dei mest travle tidspunkta.
  • Vakter.

– Det er mange tiltak ein kan ty til før ein regulerer tilkomsten til eit turmål, seier DNT-sjefen.

Preikestolen, 19. juli 2020.

I koronaåret i fjor besøkte drygt 180.000 Preikestolen. Bildet er frå 19. juli 2020. I år er det venta om lag dei same besøkstala.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Får støtte av turfolk

Preikestolsjefen er ueinig i at litt regulering vil vera eit inngrep i allemannsretten.

– Det kan vera at me i løpet av to timar ein dag i juli treng å regulera trafikkmengda for å sikra både opplevinga og tryggleiken til folk. Det er fornuftige tilpassingar, seier Kjellevold.

Han får støtte frå fleire av turgåarane på preikestolplatået ein varm og flott turdag tidleg i sesongen. Vel og merka utan særleg kø i stien.

– Eg meiner ein bør ha avgrensingar. Ein vil ikkje ha for mange folk på platået med dei utfordringane det skaper, seier Frode Kristensen.

 Anette Øvreås

Anette Øvreås på preikestolplatået, 604 meter over Lysefjorden.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Dersom besøket skal doblast kan det vera ein god idé, men det er jo litt kjipt dersom du planlegg tur og ikkje får lov til å gå, seier Anette Øvreås.

Regjeringa har nyleg oppretta eit offentleg utval som skal sjå på problemstillingar for reiselivet.

Ønsket frå Preikestolen er alt servert.

– Her er det ikkje ønske om å styra veldig mykje, men å styra litt kor mange som går ut på platået i spesielle situasjonar. Dette er noko me tar me oss i arbeidet vårt, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Flere nyheter fra Rogaland