Hopp til innhold

Bent Høie: – Vi er budd på å mobilisere

Fugleinfluensa kan vere i ferd med å spreie seg på Jæren. Statsforvaltaren meiner dei er budd om det kjem fleire utbrott.

Bent Høie

Statsforvaltar i Rogaland Bent Høie seier fylkeskommunen er budde for situasjonar som fugleinfluensaen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Statsforvaltar i Rogaland Bent Høie seier fylkeskommunen er budde for situasjonar som fugleinfluensaen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Det er ein alvorleg situasjon, det har det vore sidan første utbrottet, seier Lise Petterson, regiondirektør i Mattilsynet.

Førre veke måtte 7.500 høns avlivast grunna bekrefta fugleinfluensa i fjøset. Onsdag må nye 7.500 dyr miste livet på nabogarden.

– Situasjonen er alvorleg. Smittevern og smittetiltak er veldig viktig at vi handterer, seier Petterson.

Statsforvaltaren i Rogaland, Bent Høie, bekreftar at dei er budde på smitte ved fleire gardar i regionen.

Budd på å mobilisere

– Det er ein alvorleg situasjon. No er den først og fremst alvorleg for dei som er råka, seier Høie.

Statsforvaltaren si rolle i denne hendinga er i hovudsak å leie fylkesberedskapsrådet – ei gruppe med alt frå politikarar til politi, helsepersonell, Mattilsynet og finansfolk – alt etter kva krise rådet arbeider med.

Rådet stiller også med informasjon til Mattilsynet og er eit bindeledd til departement og direktorat – som mellom anna arbeider med erstatning til dei råka bøndene.

– Vi er budd på å mobilisere fleire ressursar om det vert naudsynt, seier Høie.

– Er samfunnet rusta til å takle dette?

– Dette er jo også ei historie om nokon som er godt budd.

Han meiner dei som driv med fjørkre har diskutert denne situasjonen ofte og at dei har gode rutinar på å handtere smitte.

– I ein alvorleg situasjon er det godt å sjå at beredskapen fungerer og at den er godt planlagt, seier statsforvaltaren.

– Det er kjempeskummelt

Elin Hobberstad er leiar i Rogaland Fjørfelag for kylling.

Ho fortel at hennar kollegaar i næringa er ekstra nøye med smittevernet i sine fjøsar no.

– Vi tykkjer det er kjempeskummelt og går på ein måte på tå hev, seier Hobberstad.

Om fleire tilfelle av fugleinfluensa vert påvist i dagane som kjem vil det få konsekvensar for dei som driv med fjørkre i Rogaland.

Då vil truleg risikosona bli utvida, fleire dyr vil miste livet og fleire bønder vil tape økonomisk, fortel Hobberstad.

– Men vi håpar jo ikkje det skjer.

Ho meiner at den erstatninga det er mogleg å få for bønder som må slakte ned dyra sine, ikkje er stor nok til å dekke konsekvensane av smitte i flokken.

Men enno vil ikkje eit smitteutbrott få konsekvensar for dei av oss som kjøpar kyllingen innpakka i plast.

– Eg trur ikkje det i første omgang, for det vert jo produsert egg og kylling i andre delar av landet også, seier Hobberstad.

Mattilsynet desinfiserer fjørfehald etter påvist fugleinfluensa

Mattilsynet måtte ta livet av 7.500 dyr på ein gard i Rogaland førre veke.

Foto: ISS