Hopp til innhold

Baker Hughes får kritikk etter dødsulukke

For seks veker sidan mista ein lastebilsjåfør livet under lasting av tunge lause røyr hos Baker Hughes i Sola. Oljeservice-giganten mangla ein såkalla klypetruck, som skal gjera lastinga av røyr tryggast mogleg.

Baker Hughes

Det var her hos Baker Hughes på Tananger i Sola 43 år gamle Walle Wallin frå Sverige mista livet under lasting av røyr. Han var sjåfør for Børstad transport på oppdrag for Bring Cargo.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Barry Jones

Barry Jones, som er leiar for integrert teneste i Baker Hughes, seier at tankane deira først og fremst går til familien til den omkomne sjåføren.

Foto: Baker Hughes

Politiet etterforskar framleis dødsulukka som skjedde for seks veker sidan hos Baker Hughes på Tananger i Sola. I rapporten, som nå kjem frå Arbeidstilsynet, kjem det fram ei rekke kritikkverdige forhold hos oljeservicegiganten.

– Me tek sjølvsagt rapporten svært alvorleg. Det var ei ekstremt trist hending og tankane våre går først og fremst til familien til den omkomne. Nå er hovudfokuset til Baker Hughes å sikra at slike ulukker ikkje skal skje igjen, seier Barry Jones, som er leiar for integrert teneste i Baker Hughes.

Røyr har ramla av tidlegare

Det var den 43 år gamle lastebilsjåføren Walle Wallin frå Sverige som døydde måndag 7. september då han var inne hos Baker Hughes for å henta røyr.

Dei fleste røyra kom i såkalla stålkorger, men fire røyr var lause. Det var i samanheng med lastinga av dei lause røyra at sjåføren, som var tilsett i Børstad Transport og på oppdrag for Bring Cargo, mista livet sitt.

Det ikkje er første gong røyr har ramla av under lasting hos Baker Hughes, står det i rapporten:

«I de følgene opplysningene vi har mottatt under tilsynene med Baker Hughes AS, Bring Cargo AS og Børstad Transport AS har det forekommet at last har falt av truck og sjåfører har stilt spørsmål om hvorfor det ikke brukes klypetruck hos Baker Hughes AS.»

– Ting var ikkje heilt slik det skulle vera

Irene Brekne Hamre

Irene Brekne Hamre er HMS-ansvarleg i Baker Hughes.

Foto: Baker Hughes

Oljeservicebedrifta har tidlegare hatt ein såkalla klypetruck, som held røyra fast, men den blei levert tilbake til produsenten. Nå etter ulukka har bedrifta fått tilbake klypetruck.

– Den blei sendt tilbake på grunn av at den var lite i bruk, men me har heile tida hatt tilgjengeleg ein sidelastar med klemmer, presiserer HMS-ansvarleg i Baker Hughes, Irene Brekne Hamre.

Atle Bertelsen er tillitsvald for Industri Energi i Baker Hughes. Han er ikkje overraska over innhaldet i rapporten:

– Eg visste vel noko av dette frå før. At ting kanskje ikkje var heilt slik det skulle vera, seier Bertelsen til NRK.

Han meiner likevel at leiinga har handsama tida etter ulukka på ein god måte.

– Me kan ikkje risikera at me tek livet av folk på jobb, slik kan me ikkje ha det. Me må ha forandring og nå har me fått på plass dette utstyret, og nå bruker folk det, seier han.

– Me ser på alle moglegheiter

Rapporten peiker på at Baker Hughes i sine eigne HMS-dokument skriv at køyring med lause røyr er risikofylt og at sjåføren må vurdera bruk av truck med klype. Men dette var altså ikkje tilgjengeleg utstyr då ulukka skjedde. Den konkluderer likevel ikkje med at dette var avgjerande for ulukka.

Vidare står det i rapporten at det rår uklarheit og manglande gjennomføring i samanheng med overgangen frå når løfteoperasjon er avslutta og lasta er stabil nok til at sikring og transport kan skje.

Samla sett kjem Arbeidstilsynet med varsel om pålegg på tre punkt hos Baker Hughes der dei meiner det kan vera brot på arbeidsmiljølova. Børstad Transport får varsel om pålegg på to punkt, medan Bring Cargo får varsel om pålegg på eitt punkt.

Ifølgje leiinga i Baker Hughes jobbar alle bedriftene nå saman med transportselskapa for å finna betre løysningar på tryggleiken.

– Me ser seriøst på rapporten og tek tak i tilrådingane som kjem. Me skal også jobba vidare med kollegaer, fagforening, verneombod og transportbedriftene for å innføra det som trengs, seier Barry Jones.

I gang med avhøyr

Bertelsen meiner det er viktig at HMS ikkje er ein stad oljeservicebedriftene gjer kutt i den vanskelege tida bransjen er inne i.

– Det går fort i denne industrien, og det er press på kosten heile tida, det er jækla viktig at det nå stoppa opp litt. Og inntrykket mitt er at det ikkje handlar om kostnad for Baker, men at det handlar om korleis me kan jobba mest mogleg trygt.

Politiet ønsker ikkje å kommentera rapporten frå Arbeidstilsynet, men seier at forholda rundt gripetrucken er noko dei vil sjå på.

– Me er i gang med avhøyr i saka og ser på alle sidene, så dette med trucken er absolutt noko me ser på, seier Åslaug Høgemark, som er seksjonsleiar for Nordsjø- og miljøseksjonen ved Rogaland politidistrikt.