Litt over ni måndag kveld melde politiet om ei arbeidsulukke på Baker Hughes på Tananger i Sola. Ein svensk mann på 43 år mista livet.
– Meveit at det skjedde i samanheng med lasting av eit vogntog. Noko meir veit me ikkje ennå, seier politioverbetjent Ola Johan Røykenes ved Nordsjø- og miljøseksjonen i Rogaland politidistrikt til NTB.
Arbeidstilsynet er også varsla, og skal saman med Arbeidstilsynet etterforska hendinga.