Avklaring om Rogfast i haust

Samferdselsminister Knut Arild Hareide vil i gang med Rogfast så fort som råd og seier det kjem ei avklaring i haust. Rogfast blei stansa fordi kostnadane blir høgare enn det Stortinget har vedteke. Hareide seier Rogfast bør prioriterast.