Hopp til innhold

«Stavanger utan regn og vind har sin sjarm»

Artisten Atlars har laga poesi-slam av diktet «Regn». Det har han gjort for å hylla forfattaren Sigbjørn Obstfelder og den vakre byen han kom frå.

Artisten Atlars har skrive om diktet «Regn» for å hylla den 150 år gamle forfattaren Sigbjørn Obstfelder, og den vakre byen han kom frå.

«SOL»: Her kan du høyra Atlars sitt solskinsdikt saman med godvêrsbilete frå Stavanger denne helga.

Sigbjørn Obstfelder

Sigbjørn Obstfelder (1866 – 1900) gav ut dikt, prosa og dramatikk. Han er aller mest kjend for sine to dikt «Regn» og «Jeg ser».

Foto: NTB scanpix / NRK

I år er det 150 år sidan mannen som blir omtalt som Nordens første modernist, Sigbjørn Obstfelder, blei fødd i Stavanger.

Fødselsdagen hans blir feira gjennom heile året i fleire kunstartar, og ein som har kasta seg på festen er rappar Lars «Atlars» Tønnesen. Han kjenner eit sterkt band til forfattaren.

– Eg trur at om Obstfelder hadde levd i dag så hadde han vore rappar.

Kjenner seg att i grublinga

Dette underbygger han med at Sigbjørn Obstfelder skal ha meint at lyrikken var komplett

Atlars

ATLARS: Rapparen Lars Tønnesen går under artistnamnet Atlars. Han er ein av fleire Stavanger-artistar og -skodespelarar som i år har hylla Sigbjørn Obstfelder.

Foto: Marius Vervik

når den var strippa ned og rytmisk. Han skal også ha meint at rytmelæra i musikk var undervurdert.

Men det er ikkje berre rytmen som lokkar Atlars inn i Obstfelder sitt tekstunivers.

– Eg blir ikkje berre fenga av forma på dikta hans, men også tankane hans. Det han gjekk og grubla på er noko eg trur alle kan kjenna seg att i, seier Atlars.

Sol og regn

I samanheng med 150-årsjubileet har Atlars skrive om fleire Obstfelder-dikt til moderne rapp. Eitt av dei er diktet «Eva». Høyr diktet her:

Det langt meir kjende diktet «Regn» har han også tolka. Resultatet er ein hyllest til både byen Stavanger og mannen Obstfelder.

I videoen øvst i artikkelen kan du høyra Atlars si framføring saman med ferske solskinsbilete frå Stavanger.

Under kan du lesa originaldiktet av Sigbjørn Obstfelder og Atlars si tolking av det.

REGN

av Sigbjørn Obstfelder

En er en, og to er to -

vi hopper i vand,

vi triller i sand.

Zik zak,

vi drypper på tag,

tik tak,

det regner i dag.

Regn, regn, regn, regn,

øsende regn,

pøsende regn,

regn, regn, regn, regn,

deilig og vådt

deilig og råt!

En er en, og to er to -

vi hopper i vand,

vi triller i sand.

Zik zak,

vi drypper på tag,

tik tak,

det regner i dag.

SOL

av Atlars

Sol, sol, det skin i dag!

Eg ser eit smil på mor og eit smil på far.

Tre er tre, og fire er fire.

I dag byrjar til og med bestefar å flire.

For fem er det heim, og det er godt og varmt.

Og Stavanger utan regn og vind har sin sjarm.

Zing, zang, zång, zong. Zing, zang, zång, zong.

Fuglane syng som om jorda er ung.

Til og med i bilane tek folk det med ro.

Ikkje noko: "Tut, tut! Kom deg vekk, eg har rett!"

Musikk ut av vindaugo, ikkje stress.

Ikkje noko: "Tut, tut! Kom deg vekk, eg har rett!"

Musikk ut av vindaugo, ikkje stress.

Sola er der, me speler på lag.

Helser på naboen: "Fina vêret, god dag!"

Ikkje noko kav. Treng ikkje å springa.

Tek ein kaffi på terrassen. Gidd ikkje å sitja inne.

Sola skin. Viking vinn. Dei fleste smiler.

Og viss nokon grin, så er det fordi dei datt av brettet.

Men den smerta går over, berre så du veit det.

For tre er tre, og fire er fire.

Fuglane syng, og me ser på blomane spira.

Fem er heim og få ein god klem.

Over skyene skin sola alltid, ikkje gløym.