Samarbeider med kven som helst

– Me er opne for alle, for alle muligheter. Me utelukkar ingen parti, men det er jo nokre som er meir sannsynlege enn andre, då, seier Arbeidarpartiet sin nye fylkesordførarkandidat i Rogaland, Marianne Chesak.

Marianne Chesak

Marianne Chesak er open for å samarbeide med alle parti, for å få gjennom mest mogeleg arbeidarparti-politikk.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Valglogo

På laurdag blei 38 år gamle Marianne Chesak valt til å overta for Tom Tvedt. Nå er det ho som skal stå først i kampen for at fylkesordførar-vervet i Rogaland kjem over i Ap sine hender.

Og ho byrjar med å slå fast at ingen parti er utelukka som samarbeidskandidatar, dersom det kan skaffe Arbeidarpartiet fylkesordførarvervet.

– I utgangspunktet så er me heilt opne. Det har me bestemt oss for å vera denne gongen, seier Chesak.

Sandnesmodellen

I Sandnes har Ap regjert saman med Frp i snart fire år, og det har, ifølge meiningsmålingane, fungert godt. I Stavanger har det vore snakk om at ein liknande modell kan vera aktuell, utan at det har blitt stadfesta av partane. Nå kan det sjå ut som at det er opna opp for ei slik løysing i fylkespolitikken også.

Terje Halleland, Janne Johnsen og Ellen Solheim

I 2011 gjekk Frp saman med Høgre og KrF for å få fleirtalet i fylkespolitikken i Rogaland. Arbeidarpartiet seier nå at alle desse kan vera aktuelle som samarbeidspartnarar.

Foto: Eirin Larsen / NRK

– Og det betyr vel at ideologien er steindau då, i fylkespolitikken. For dersom Ap, som skal ta vare på arbeidarane sine rettar, skal samarbeide med Frp som har som sine mål å redusere fagrørsla si påverknad på arbeidslivet, så er der ikkje mykje ideologi igjen?

– Det som avgjer kven me samarbeider med, er kor mykje arbeidarpartipolitikk me kan få igjennom. Akkurat når det gjeld Frp, så står me jo langt frå kvarandre, understrekar fylkesordførarkandidaten til Ap i Rogaland.

Vanskeleg, men mogleg

Chesak minner om at Ap ikkje ønskjer å privatisere fylkeskommunale tenester, slik Frp vil. Heller ikkje vil Arbeidarpartiet tilsette fleire i mellombels jobbar i for eksempel Fylkeskommunen.

– Men kvifor er det då heilt greitt å samarbeide med Framstegspartiet?

– Eg sa ikkje at det var heilt greitt. Eg sa at på dette tidspunktet har me ikkje lukka døra for nokon, understrekar Chesak.

– Det er greitt med samarbeid som det blir bra Ap-politikk av, slår ho fast.

Men for all del. Me har ikkje snakka direkte om at me skal samarbeida med Frp. Me har berre sagt at alle dører skal vera opne.

Det er også klart at Simon Næsse (36) frå Karmøy blir Arbeidarpartiets varafylkesordførarkandidat. Næsse jobbar som politikar i fylket og som juridisk seniorrådgjevar i Sjøfartsdirektoratet.