– Det er ikkje gøy å sjå på. Når det kjem opp at folk til dømes kuttar i armane sine, så tenkjer eg jo kvifor i all verda det kjem på TikTok?
Det seier 16 år gamle Leah Al-ameer.
Videoar med dystre tema kjem opp ofte på det populære sosiale mediet, ifølgje henne og venninnene Cristina Lønning Herland og Tiril Knutsen.
– Viss du «liker» videoen, kjem det jo mykje liknande. Men av og til kjem det utan at du «liker» òg, seier Lønning Herland.
Christina Lønning Herland har fått fleire videoar med dystre tema på sin «For you»-side.
Foto: Simon Elias Bogen / NRKUngdommane stadfestar funna frå to nye Amnesty-rapportar. Dei viser at TikTok eksponerer barn og unge for skadeleg innhald knytt til sjølvskading og sjølvmord.
– Blir leia inn i eit kaninhol
I rapportane handlar om korleis det er å vere barn og ungdom på TikTok om du har mentale problem og samtidig viser interesse for mental helse i appen.
– Vi ser at sårbare barn og unge veldig fort blir leia inn i eit kaninhol av innhald som kan vere skadeleg for dei, seier Ingrid Stolpestad, politisk rådgivar i Amnesty.
Noko innhald handlar om eller romantiserer depresjon og sjølvskading.
Ingrid Westgaard Stolpestad er politisk rådgivar i Amnesty.
Foto: Amnesty International NorgeAmnesty meiner at TikTok sin forretningsmodell er problematisk fordi han prioriterer engasjement for å gjere det vanskelegare for brukarar å logge av.
Samtidig samlar appen stadig meir personleg data.
NRK har vore i kontakt med TikTok, som skriv at påstandane frå Amnesty ikkje avspeglar grunnleggjande fakta om plattforma deira. Vidare skriv dei at dei ikkje kan kommentera spekulasjonar som blir framført utan prov.
Datatilsynet er bekymra
Seniorrådgivar i Datatilsynet, Trine Smedbold, skriv i ein e-post til NRK at dei er bekymra for innhaldet barn og unge kan bli eksponert for på TikTok.
– Skadeleg innhald som blir spreidd i appen har allereie fått alvorlege konsekvensar for barn. I 2021 døydde ei ti år gammal italiensk jente etter å ha prøvd ei viral utfordring ho såg i appen. Det italienske datatilsynet påla etter dette TikTok å blokkere brukarkontoar dei ikkje kunne stadfeste alderen til.
TikTok har også fått ei bot på 345 millionar euro for brot på personvernregelverket når det gjeld behandling av barns personopplysningar.
Seniorrådgivar Trine Smebold i Datatilsynet.
Foto: Ilja C. Hendel / DatatilsynetSmedbold påpeikar også at det finst lovgiving som pålegg TikTok og andre store plattformer å betre barns personvern og oppleving i appen.
– Med Digital Services Act i EU og EØS vil brukarar mellom 13 og 17 år ikkje lenger sjå personalisert marknadsføring basert på aktiviteten deira på eller utanfor TikTok. Ein skal også kunne skru av personalisering av «For you»-sidan.
Så mange som 73 prosent av norske barn og unge mellom 9 og 18 år bruker den populære appen, ifølgje ei undersøking frå Medietilsynet i 2022.
Foto: Simon Elias Bogen / NRKTrur at TikTok vil ta grep
Amnesty utfordrar TikTok til å endre algoritmane for å verne dei sårbare unge som bruker appen.
– Dei må endre måten «For you»-feeden fungerer. Dei må slutte å spore unge for å heile tida gi dei hyperpersonalisert innhald. Alternativt kan dei spørje brukarar om kva dei er interesserte i, og gi dei innhald ut frå det, seier Stolpestad.
Ho peikar på at mange er bekymra for konsekvensane av slike videoar.
– Eg må jo tru at TikTok ønskjer å operere på ein måte som gjer at plattforma deira er ein bra stad for unge, ikkje ein potensielt dårleg stad. Eg trur det er mogleg.
Vidare seier ho at både Tik Tok og andre sosiale medium er viktige, og kan vera ein veldig positiv del av unge sitt liv.
– Ikkje minst unge som kanskje kjenner seg utanfor eit fellesskap, seier Stolpestad.
Vil ha betre vern
Amnesty ønskjer også å utfordre styresmaktene, som kan innføre eit strengare lovverk som vernar barn.
Det vil også den ideelle stiftinga Barnevakten, som gir råd om barn og medium.
Dagleg leier i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik.
Foto: Studio 1 fotografene– Barnevakten har sendt eit innspel til familie- og kulturkomiteen der vi ber politikarane innføre regulering slik at barn under 13 år ikkje får opprette konto, skriv dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik, til NRK.
– Det blir sagt at TikTok sine algoritmar er dei kraftigaste i verda, og at brukarar lettare kan bli avhengig av TikTok enn andre sosiale medium. TikTok er klar over utfordringane og har innført innstillingar der brukarane kan sjølv avgrense tid og innhald, skriv han vidare.
Barnevakta ønskjer å bevisstgjere brukarane på å slå på innstillingane, slik at brukarane sjølv har kontroll over eigen bruk.
– Dei er overalt
Også 16-åringane ber TikTok om å innføre strengare avgrensingar.
– Desse videoane burde bli sletta av TikTok. Det er ikkje bra for mindreårige heller, for då trur dei det er greitt å gjere det. Plutseleg skader dei seg sjølve. Ein må ha strengare reglar, seier Leah Al-ameer.
Leah Al-ameer etterlyser strengare avgrensingar i appen.
Foto: Simon Elias Bogen / NRKTiril Knutsen er også bekymra for dei yngre barna som blir eksponerte for desse videoane.
– Det er ikkje rett å sjå videoar om sjølvskading eller sjølvmord. Dei tenkjer kanskje at dei også skal gjere det. TikTok har jo ei greie som gjer at dei skal slette sånne videoar, men det gjer dei ikkje. Dei er overalt.
Tiril Knutsen har fått med seg at TikTok sjølv har retningslinjer for kva som er greitt å dele, men likevel får ho opp videoar som omhandlar sjølvskading.
Foto: Simon Elias Bogen / NRK