Kommunen må betala for vekterteneste døgnet rundt for ein 21 år gammal gut, som er for farleg til å bu i ein vanleg omsorgsbustad.
Rådmann Ina Fjeld seier kommunen har bede sosialdepartementet om 750.000 kroner i støtte.
Vektertenesta kostar to millionar kroner i året, og det er pengar Strand kommune ikkje har, seier Fjelde.
-Heller ikke fylkesmannen har vore nokon hjelp i denne saka, seier Fjelde.
Må betala sjølve
Medlem i sosialkomiteen, Bent Høie frå Høgre, seier at Strand kommune må betala rekninga for vakthaldet sjølv.
Høie ser ingen grunn til at Strand skal få statleg støtte til vakthald av 21-åringen.