Forsvarer Thomas Randby hadde håpa at klienten hans skulle sleppa isolasjon på grunn av helsetilstanden hans.
Foto: Anne Longvik / NRKDet er nå to veker sidan dei fire mennene, som alle er sikta for drap eller medverknad til drap på Tina Jørgensen i 2000, blei sett i isolasjon. I dag gjekk isolasjonstida ut, og derfor har det vore nye fengslingsmøte i saka.
I firetida kom avgjersla frå Stavanger tingrett. Alle dei sikta må førebu seg på nye to veker i isolasjon.
Anke framleis til behandling
Klienten til Odd Rune Torstrup, den 36 år gamle mannen som først blei pågripen, hadde allereie godteke vidare isolasjon. Derfor var det berre det formelle rundt saka hans som i dag måtte ordnast. For dei tre andre som er sikta var det fengslingsmøte på tinghuset i Stavanger. Alle fire nektar likevel straffskuld.
38-åringen, som var den siste som blei pågripen i saka, anka fengslingsavgjersla frå det første fengslingsmøtet. Denne er framleis til behandling, og skal nå opp til Høgsterett.
Han meiner at siktinga mot han ikkje held mål.
- Les òg:
- Les òg:
– Skal vurdera anke
Thomas Randby, som forsvarar tredjemann som blei teken i saka, har sagt at helsetilstanden til klienten hans er svært dårleg. Dette var også bakgrunnen for at han i første omgang berre blei varetektsfengsla i to veker, begge i isolasjon.
Trass helsetilstanden må både han og alle dei andre altså finna seg i to nye veker i varetektsfengsel med brev- og besøksforbod.
– Me må ta rettens avgjersle til etterretning, men eg hadde håpa at han skulle sleppa isolasjon, for klienten min er i dårleg forfatning, seier Randy til NRK etter rettsavgjersla blei kjent.
Han vil nå snakka saman med klienten sin og vurdera om dei skal anka avgjersla eller ikkje.
Dette er dei sikta i saka
Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Grafikk: De arresterte i Tina Jørgensen-saken» i nytt vindu