Hopp til innhold

«Røykbombe» kasta inn på pub i Stavanger

Meir enn 200 gjestar blei evakuerte og sju blei sendt til legevakta for sjekk etter at nokon kasta ei «røykbombe» inn i tredje etasje på Alf & Werner i Stavanger.

Alf & Werner

Det var i tredje etasje på Alf & Werner i Stavanger sentrum at nokon røykla lokalet med noko som kan ha vore peparspray eller cs-gass.

Foto: Rebecca Bjerga / NRK

– Det var truleg peparspray eller cs-gass på boks som blei kasta inn i tredje etasje på uteplassen Alf og Wærner i Stavanger i natt, det fortel operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Brit Randulf.

Dei fekk melding om det som blei karakterisert som ei røykbombe klokka 02.30 natt til laurdag. Det var dørvaktene som varsla politiet.

Laster Twitter-innhold

Fleire til legevakt

Ambulanse, brannvesen og politi rykka ut. Meir enn 200 personar måtte evakuerast og sju blei sendt til legevakt. Alle sju er utskrivne nå.

Randulf seier at gassen er ufarleg, men svært ubehageleg å pusta inn.

Politiet har ikkje lukkast med å finna gjenstanden, og dei har førebels ingen mistenkte i saka, som nå blir etterforska vidare ved Stavanger politistasjon.

– Ser alvorleg på saka

Så langt har dei ikkje sett noko på overvakingsbileta, men dei skal undersøka det som finst av video grundigare. Ein moglegheit er at nokon har spraya gassen ut i lokalet, for så å ta sprayen med seg ut igjen.

– Me ser alvorleg på saka. Dette er ein ubehageleg ting å bli utsett for i eit lokale som skal vera til glede. Plutseleg blir det ein veldig uavklart situasjon inne i lokalet, sa operasjonsleiar i politiet Kjetil Føyen til NRK like etter hendinga.

Dei som driv Alf & Werner bestemde seg for å stenga ned lokala etter hendinga.