Hopp til innhold

Blei ufør etter ulukke på jobben. Får ikkje erstatning

Alex Issak Sadi (43) blei delvis lam etter ei arbeidsulukke. Forsikringsselskapet kallar skaden «psykisk».

– Eg kan ikkje hjelpa Mizan som før. Ho må vera over alt, og det blir ho sliten av.

Alex ser bort på kona som løfter opp dottera for å gi trøyst. Sjølv sit han på ein stol med hovudet på skakke.

Hovudet er låst i ein unaturleg vinkel, som legane seier er 15 grader mot høgre. For å kunne sjå direkte på den han snakkar med, så set han seg på skrå. Slik slepp han å vri på nakken.

Han er delvis lam på høgre side, frå nakken og ned til låret. Han strevar med å gå og å bruke den høgre armen.

Det er svært avgrensa kva han kan bidra med i husarbeid og barnestell.

I tillegg til sine fysiske problem, så slit han med dårleg samvit.

– Det er ikkje berre eg som er skadd. Det gjeld heile familien min, fortel Alex.

Mizan og Ivana, med Alex i forgrunnen ute av fokus

Mizan Sadi må ordne det meste med Ivana (1) i tillegg til deltidsjobb.

Foto: Ole Andreas Bø

For fire år sidan var Alex ein normalfungerande familiefar som tok sin tørn med husarbeidet. Men så endra alt seg ein dag han var på jobb.

Ulukka

Det var føremiddag den 20. mai 2017, og Alex jobba åleine på dekket i andre etasje på Statfjord C-plattforma i Nordsjøen.

Inn i mellom røyr og fastmontert utstyr pussa han på rust, som han deretter måla over.

Han stod bøygd ned mot golvet då han brått kjende at noko hardt trefte han i hovudet og i skuldra eller nakken. Han er usikker på kva som skjedde etterpå, og ser ikkje vekk frå at han svima av ei kort stund.

Alex Issak Sadi på plattform 2

Alex Issak Sadi på jobb i Nordsjøen. Alex kom til Noreg som flyktning frå Eritrea i 2007. Dei første åra jobba han som reinhaldar, før han tok fagbrev i overflatebehandling i 2011. Deretter jobba han på oljeinstallasjonar til det tok brått slutt i mai i 2017.

Foto: Privat

Sikkert er det at han fall på sida og at hofta støytte saman med eit røyr. Han seier også at hjelmen var øydelagt då han sjekka den etterpå.

Det som skjedde var at eit arbeidslag dreiv med vedlikehald i etasjen over. Ein av dei hadde ein muttertrekkar og han mista mutterkoppen.

Ifølge skademeldinga vog den om lag 1 kilo og fall ned på gangrista arbeidaren sto på, deretter ned gjennom eit hol i gangrista. Kva veg mutterkoppen tok etterpå er det usemje om, men til slutt trefte den Alex i hjelm og skulder.

Muttertrekkar og pipe

Mutterkoppen, som Alex fekk i hovudet, var av same type som gjenstanden til høgre i bildet. Dette er ikkje gjenstanden som trefte Alex. Den er ikkje tatt vare på som bevismaterial.

Alex meiner at mutterkoppen kom frå over fire meters høgde, då den trefte han.

I rapporten frå Statoil (nå Equinor) står det ingen ting om den totale høgdeforskjellen, men det står at mutterkoppen støytte borte i ein ventil på vegen ned, og at den berre hadde ei direkte fallhøgde på 80 centimeter.

For Alex var uansett resultatet at han ikkje kunne arbeida lengre, og dermed ikkje tena pengar til familien.

Sendt heim

Alex gjekk til sjukepleiaren på Statfjord C etter ulukka. Der fekk han tablettar og ei sprøyte mot smertene. Dagen etter prøvde han seg i arbeid på nytt.

– Eg kom så langt at eg fekk skifta til kjeledress, men så blei eg svimmel og kvalm og måtte setja meg ned, minnest han.

Same dag blei han sendt til lands i helikopter, med sjukemelding.

Dagen etter var han hos bedriftslegen til arbeidsgjevaren sin, NSE Industrier. Legen slo fast at han ikkje var arbeidsfør.

Den 23. mai, tre dagar etter ulukka, møtte han hos lege på ortopedisk avdeling på Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Han hadde då smerter i høgre skulder, i nakkemuskulaturen og i høgre kne.

Han heldt også skuldra høgt på høgre sida.

Etter undersøkinga skreiv legen at Alex har nedsett gripekraft i høgre hand. Han har vidare kronisk hovudverk, nakkestivheit, parestesiar (krampar) ut i armar og fingrar, hukommelsessvikt, nedsett konsentrasjonsevne, svimmelheit, angst, søvnløyse og posttraumatisk stressliding (PTSD).

Nav godkjente skaden som yrkesskade mindre enn ein månad etter ulukka.

Statfjord C

Statfjord C-plattforma i Nordsjøen

Foto: StatoilHydro

Med dette blei arbeidslivet til Alex avslutta 25 år før vanleg pensjonsalder.

Han meinte nokon måtte stå ansvarleg for dette.

Men då han søkte om erstatning, sa forsikringsselskapet nei.

– Ingen yrkesskade

I eit brev frå forsikringsselskapet Protector den 15. august 2018 avslo selskapet kravet om yrkesskadeerstatning.

Dei viser til at det i skademeldinga om hendinga står to gonger at fallhøgda for mutterkoppen berre er 80 centimeter.

Direktør Fredrik Messel i selskapet vil ikkje kommentera denne saka spesielt, men seier på generelt grunnlag at dei ikkje stiller spørsmålsteikn ved opplysningar om skadeplager.

– Det viktige er om plagene kjem frå den hendinga som har skjedd, og om det blir dekka av forsikringa,

Fredrik Messel, direktør for store skader, Protector forsikring

Fredrik Messel er direktør for store skadar i Protector forsikring

Foto: Bjørn Atle Gildestad

Protector sin rådgjevande lege, spesialist i nevrokirurgi, PhD, Daniel Dahlberg, har ikkje personleg møtt Alex nokon gong. Men han meiner det er mindre truleg at det er årsakssamanheng mellom ulukka i mai 2017 og nåverande arbeidsuførheit og plager.

«Skadebildet og invaliditetsbildet sett i relasjon til skadehendinga kan ikkje sjåast å ligge innanfor det påreknelege. Skadefølga er sjeldan og uventa», skriv spesialisten i nevrokirurgi.

«Plagene hans skuldast kan hende psykiske forhold», avsluttar Dahlberg.

Fleire tilbakeslag

I eit vedtak frå Nav blei Alex offisielt uføretrygda den 12. desember 2019.

Men arbeidet med å få erstatning for skadane har hittil ikkje gitt resultat.

Nav kan gi ménerstatning når ein yrkesskade har ført til invaliditet og skaden gjer det vanskeleg å gjera kvardagslege oppgåver.

Det ville betydd ei ekstra utbetaling kvar månad fram til pensjonsalderen.

Alex søkte om ei slik erstatning, utan å nå fram.

Nav støtta seg mellom anna på ei erklæring frå ein nevrolog som avviste at skaden var årsaka til plagene, som Alex har fått i etterkant.

Heller ikkje ho har fysisk møtt Alex.

Nevrologen opplyser til NRK at ho ikkje møtte Alex fysisk på grunn av koronarestriksjonar og vurderte berre dei somatiske symptoma hans. Ho såg på det som forsvarleg å vurdere Alex si sak utan fysisk undersøking

Så Alex fekk ikkje erstatning frå Nav.

Og etter at forsikringsselskapet Protector, på vegner av arbeidsgjevaren til Alex, kom til same konklusjon, fekk han heller ikkje medhald då han første gong søkte om yrkesskadeerstatning.

Derfor har saka hamna i retten.

Hjelparane

Kjell og Kristine Nordbø er heime hos Alex. Dei har kjent familien i over ti år, og har hjelpt til både før og etter at arbeidsulukka.

Kristine har vore med på sjukehuset for å ta imot dei tre siste barna som Mizan og Alex har fått. Kjell har hjelpt paret slik at dei fekk kjøpt sitt eige rekkehus.

Dei ser på seg sjølve som reserveforeldre i familien, og nå er dei med i kulissane i den kanskje aller viktigaste kampen Alex og familien står framføre.

Og dei er ikkje åleine om å gi støtte.

Alex og kona, Kjell og Kristine ved pynta bord

Det er fødselsdagsfeiring hos Alex Issak Sadi og kona Mizan i huset deira i Randaberg utanfor Stavanger, like før jul i 2020. Dottera Ivana har eittårs dag, og Kjell og Kristine Nordbø er på plass.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Andre vener og hjelparar har betalt for førarkortet til kona. Det var nødvendig, då ikkje Alex lengre kunne køyra bil.

Og den siste tida har dei bidratt med nye pengesummar. For det kostar å gå til privat rettssak.

Om lag 250.000 må Alex ut med for å få saka opp for tingretten i Stavanger. Det skjer den 3. juni i år.

– Me vågar ikkje å tenkja på kva som skjer dersom dei skulle tapa, seier Kjell.

Rettssak

Advokaten hans, Kai Mardon Fiskå, krev minst 4 millionar kroner i yrkesskadeerstatning for klienten sin. Men han garanterer ikkje at dei vinn fram.

Advokat Kai Mardon Fiskå

Kai Mardon Fiskå er advokaten til Alex

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Du kan aldri vera sikker på å vinne ei slik sak, seier Fiskå.

– Men du trur det?

– Ja, for viss ikkje hadde eg ikkje råda Alex til å prøve saka for retten, slår Fiskå fast.

Men deretter legg han til noko viktig: I yrkesskadeerstatningssaker har legane ei viktigare rolle enn juristane, meiner Fiskå.

– Kan vår ekspert, Nils Åke Nystrøm, vise på ein god måte at det er ein årsakssamanheng mellom arbeidsulukka og den skaden som Alex har enda opp med, så har klienten min ei god sak, seier Fiskå.

Den svenske professoren og kirurgen Nils Åke Nystrøm held for tida til i Florida i USA, og har undersøkt Alex via Facetime.

Men vinn ikkje Alex fram mot forsikringsselskapet, så er det han og hjelparane hans som må ta tapet.

Alex Issak Sadi i finstasen 2

Alex i finstasen, før han blei skadd i arbeidsulukka.

Foto: Privat

Slik er det, sjølv om Alex heile sitt yrkesliv som overflatebehandlar har vore organisert i Fellesforbundet i LO. Han betaler ennå kontingenten sin og har medlemskapen i orden.

Likevel får han ikkje hjelp med rettssaka derfrå.

Alex høyrde nemleg på ein ven som meinte at ein privat advokat var beste løysinga, og juristane i LO tar ikkje i saker der private advokatar er inne i bildet.

Ikkje åleine

Det er mange her i landet som kjempar i årevis, utan å lukkast, for å få erstatning frå forsikringsselskap etter arbeidsulukker.

Det er vanskeleg å vite det nøyaktige talet, men NRK sin eigen gjennomgang frå Lovdata viser at nærare 500 yrkesskadesaker har vore i rettssystemet dei siste ti åra.

Nær 300 saker har gått vidare til lagmannsretten og nokre få heilt til høgsterett. I tillegg er det mørketal, for det er berre eit utval av tingrettsdommane som er ført inn i Lovdata.

NRK har ikkje funne nokon oversikt over korleis desse sakene endar.

Konsekvensane

Då Kristine og Kjell blei kjent med Alex og familien, betalte dei over 12.000 kroner i månaden for ein kommunal leilegheit.

– Det er jo å kaste pengar ut av vindauget, sa Alex til Kjell den gongen.

– Ja, kan du så mykje norsk, så er det på tide at du kjøper ditt eige hus, sa Kjell.

Han losa familien gjennom kommunalt byråkrati og eit komplisert støttesystem.

Ved hjelp av startlån frå kommunen og bidrag frå Husbanken, blei Alex og kona eigar av eit rekkehus på Grødem i Randaberg. Lånet på huset var på 3,65 millionar.

Alex utanfor huset sitt

Alex framføre rekkehuset som han kjempar for å behalde.

Foto: Ole Andreas Bø

Familien klarte seg godt fram til uhellet. Alex tente mellom 400.000 og 600.000 kroner i året, og kona hadde ein deltidsjobb og tente 2–300.000 årleg. Ved å leva eit sparsamt liv, hadde dei rekna ut at dei skulle klare både renter og avdragsbetalingar på huslånet.

Men etter mai 2017 blei det vanskeleg.

– Eg hadde planar om å nedbetale huslånet raskare enn over 20 år, men ulukka gjorde at den planen ettertrykkeleg måtte setjast til side, seier Alex.

Ein lengre periode betalte dei berre renter, men nå er dei tilbake på å både betale avdrag og renter kvar månad.

Men det går ut over kva dei elles har råd til. Spesielt ungane merkar det når dei ikkje kan få slikt som leikekameratane i gata får frå sine foreldre.

– Dei har ikkje vore på McDonalds sidan ulukka skjedde, vedgår Alex.