Hopp til innhold

Her aksjonerar dei mot sosial dumping

180 bussar og lastebilar har laurdag føremiddag køyrd i konvoi på Haugalandet for å retta merksemd mot sosial dumping i transportnæringa. – Dette er den største transportaksjonen i nyare tid, seier ein av mennene bak aksjonen, John Terje Nordskog i Vestnorsk Transportarbeiderforening.

I dag aksjonerer Vestnorsk Transportarbeiderforening i Haugesund og Norges Lastebileierforbund mot sosial dumping. Det vil bli konvoikjøring fra tre forskjellige steder inn til Haugesund.

►SJÅ VIDEO: Saktekøyrande og bråkete bussar og lastebilar har i dag demonstrert med fleire konvoiar på Haugalandet og i Sunnhordland. (Foto: Tor Andre Johannessen).

– I mange år har bransjen sett at me blir skvisa ut av utanlandske aktørar, og nå har me kome til eit punkt der me ikkje kan sitja og sjå på dette lenger, sa tillitsvalt i Vestnorske Transportarbeiderforening, John Terje Nordskog, til NRK.no.

Han inviterte derfor til aksjon mot ulovleg kabotasje og sosial dumping. Men han hadde aldri tort å håpa på oppmøtet det blei.

– Rørande støtte

– Dette er heilt utruleg. Meir enn 90 prosent av heile næringa på Haugalandet har møtt opp, seier han.

Han har talt 180 bussar og lastebilar. Dei har køyrd i tre ulike konvoiar, som alle enda på Raglamyr i Haugesund i dag. Her venta politikarar som skulle debattera tematikken.

– Det massive oppmøte syner berre kor viktig dette er for sjåførar og andre i transportnæringa, seier han.

Det var Vestnorsk Transportarbeiderforening i Haugesund og Norges Lastebileierforbund som stod bak aksjonen.

Dei tre konvoiane har heilt klart blitt lagt merke til i trafikkbilete, men hos operasjonssentralen til Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har dei ikkje fått inn ei einaste trafikkmelding om dette.

– Me har fått tomlar opp frå folk langs vegen, og bilar har køyrd til sides for å sleppa oss fram. Det har rett og slett vore rørande å sjå korleis folk har støtta aksjonen, seier Nordskog.

Sjå video frå før aksjonen:

Tillitsvalgt i Vest-Norske Transportarbeiderforening om konvoiaksjonen.

►SJÅ VIDEO: Tillitsvald i Vest-Norske Transportarbeiderforening, John Terje Nordskog dagen før aksjonen.

Kvar tredje bil er utanlandsk

Den norske transportnæringa har i fleire år uttrykt stor uro for at utanlandske transportørar skal ta over for mykje av innanlandstransporten i Norge.

Det er strenge reglar for korleis desse kan drive transport innanlands, men næringa har lenge etterlyst fleire og strengare kontrollar.

Reglane seier at utanlandske bilar berre kan ta maks tre turar i løpet av sju dagar i Norge, og så må dei ut av landet. Det er også krav om at bilen, før den kan ta på seg oppdrag i Norge, har hatt eit såkalla grensekryssande oppdrag.

Ei telling gjennomført av representantar frå næringa på 20 forskjellige teljepunkt landet over i sommar synte at kvar tredje lastebil på norske vegar i løpet av kontrolldøgnet var utanlandsk.

– Politikarane lyttar

Då lastebilane og bussane kom til Raglamyr etter aksjonen i føremiddag var det duka for debatt. Her møtte Halgeir Langeland (SV) og Bård Hoksrud (Frp) frå transportkomiteen på Stortinget næringa.

– Me er nøgde med debatten, og med utspel som har kome frå politikarane. Det er allereie ei politisk rørsle på gang, og mykje tyder på at politikarane har byrja å høyra på oss.

Ein konkret ting som har skjedd er at samferdselsminister, Marit Arnstad (Sp), har inviterer næringa til å delta i ei arbeidsgruppe om kabotasje.

– Føremålet med å oppretta ei arbeidsgruppe er at styresmaktene og næringa kan få ei felles forståing av kva som er dei store utfordringane ved kabotasje. Vidare skal gruppa sjå på prioritering mellom utfordringane og kva for tiltak som eventuelt kan gjerast. Dette vil kunne danne eit viktig grunnlag for vidare oppfølging av kabotasjeproblematikken, skriv samferdselsminister Marit Arnstad i ei pressemelding som blei offentleggjort i går.

Samferdselsdepartementet inviterer organisasjonane NHO Transport, NHO Transport og logistikk, Norges Lastebileier-Forbund, Yrkestrafikkforbundet, Norsk Transportarbeiderforbund til å delta med ein person kvar i arbeidsgruppa.

Frå styresmakt-sida deltek representantar frå Samferdselsdepartementet, Vegdirektoratet og politiet.