Hopp til innhold

Denne jobben sikrar 1000 oljearbeidsplassar

I dag blei første stålet kutta til dekket på boreplattforma på Johan Sverdrup-feltet. Jobben sikrar om lag 1000 arbeidsplassar ved Aibel sitt verft i Haugesund.

Her kuttes første stålet på Aibel

Her blir det første stålet til dekket på boreplattforma kutta.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Dette er ein herleg dag. No er me i gong med eit stort prosjekt som betyr at me får folk i arbeid, seier Bjørn Tollefsen, konserndirektør for Aibel sitt verft i Haugesund

I dag blei det første stålet kutta i samanband med den store Johan Sverdrup-jobben som Aibel i Haugesund blei tildelt i februar. Om lag 1000 personar kjem til å jobba med bygginga av dekket til boreplattforma.

Bjørn Tollefsen

Konserndirektør ved Aibel sitt verft i Haugesund, Bjørn Tollefsen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det er ein kjempeviktig jobb. Me har til no hatt ein del permitterte, og no utover året så vil dei kunne koma tilbake igjen, seier Tollefsen.

Ordføraren sett i arbeid

Det var ordførar i Haugesund, Arne-Christian Mohn, som stod for den første kuttinga.

– Det var berre å trykke på ein knapp, så det gjekk greitt, seier Mohn.

Haugesund er blant kommunane i Rogaland med høgast arbeidsløyse, at store bedrifter som Aibel greier å sikre seg store kontraktar er difor også viktig for ordføraren.

– Dette er så viktig for Haugesund og for regionen. Det er enormt mange arbeidsplassar det betyr noko for. Så dette er me veldig glade for, seier Mohn.

Ei anna stemning

I Smistadhallen på verftet til Aibel, blei starten på jobben i dag markert med kake og brus. Ein av dei som var til stades var Leif Arne Kvamme. Han har jobba på Aibel sidan 1982 og har vore med på mange oppturar og nedturar. I dag var han glad.

– Det er veldig stort. Folk kjem i arbeid og det går oppover. Då blir det betre tider for Aibel og byen. Så det gler mange folk.

Leif Kvarme

Leif Arne Kvamme har jobba på Aibel sidan 80-talet. No er han optimistisk med tanke på framtida.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Aibel har sagt opp fleire hundre tilsette som ei følgje av dei dårlege tidene i olje- og gassnæringa. Ein opptur i dystre tider betyr mykje for dei tilsette.

– No er det er veldig god stemning. Alle ser framover mot betre tider, seier Kvamme.

Skal vera ferdig i 2018

Boreplattformdekket vil vege om lag 22.500 tonn når det er ferdig. Det skal bestå av tre modular. Ein blir bygd på verftet i Haugesund, ein ved eit verft i Thailand og den tredje ved Nymos verft i Grimstad.

Dei tre modulane skal setjast saman på verftet i Haugesund hausten 2017, og arbeidet skal etter planen vera ferdig sommaren 2018.

Risøy i Haugesund

På verftet til Aibel i Haugesund blir det no full aktivitet fram til 2018.

Foto: Thomas Halleland / NRK